Forfatterarkiv: Dan-Raoul

Om Dan-Raoul

Redaktør for Tankeferd. Tidligare leiar av Humanistisk Ungdom, valkomitémedlem i Human-Etisk Forbund, styremedlem i UngDialog og i Foreininga Skepsis, og student, på Religion og samfunn på Teologisk Fakultet, UiO. Innadvendt, panfil, pasifist (ligger i blodet, klarar bokstaveleg talt ikkje drepe kvite blodceller), samt nerd på dei fleste måtar. Veldig interessert i politikk, skepsis, livssyn, religion, teknologi, foto og er ganske internettavhengig. Kan nåast på dan-raoul (rullekake) tanketank.org

2012 kreft?

I 2012 har det skjedd mykje. Det gjer det vel kvart år. Men dette var året eg starta jobb i Human-Etisk Forbund.

Filadelfiakromosomet som sett i FISH-metafase.  Kjelde: http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Bcrablmet.jpg

Filadelfiakromosomet som sett i FISH-metafase. Kjelde.

Dette var året med min første relativt normale vaksenjobb.

Dette er ein relativt lang post i hovudsak om sjukdommen min, men au ein slags oppsummering av året som har gått. Eg ville gjerne hatt begge, men det ville vore ein så stor overlapp uansett, at eg slo dei saman. Eg beklagar på førehand kor lang den er, men eg var au litt interessert i å få fram litt korleis eg fekk diagnose og sånn – i hovudsak av latskap til seinare. 

 

Les videre

Humanismekritikk og ein hyllest til Hedningsamfunnet

Eg kom over ein ganske interessant kommentar i går, der nestleiar i European Humanist Federation (EHF), Staffan Gunnarson, klargjer litt rundt kritikken av Humanisterna, Human-Etisk Forbund si svenske systerorganisasjon. Gunnarson går her ganske langt i å nærmast kalle religiøse for mentalt handikappa.

Humanisterna har vore kritisert ein stund for sin ganske ekstreme tilnærming til religion, som bl.a. har ført til kritikk frå eigne, då kanskje spesielt frå deira eiga ungdomsorganisasjon, Unga Humanister.
Les videre

Om å mislike dykk kristne

Det Hva har du i mot oss kristne?verkar ofte som om det bare er eit tidsspørsmål før ein får det spørsmålet når ein snakkar om religion, livssyn og sånt, som ateist, humanist. Men hatar eg kristne? Kristendom? Religion?

Bilete er ein samtale som vart innleia utan førebuing sist veke. Ei eg møtte for ei stund sida, og har hatt i vennelista sida, var lei av det ho oppfatta som “hat” mot kristne, kristendom og religion generelt frå meg.

Dette er ikkje første gong eg får dette mot meg, men eg har alltid stussa ved det, fordi at eg ikkje oppfattar meg sjølv som ein som mislikar kristne, kristendom og religion. Det er mykje rundt det eg ikkje forstår, og stiller spørsmål ved, men det er ikkje det same som å mislike det. Les videre

Medlemskap i Den norske kyrkje

 

Kilde: Nordic Council (norden.org). Opphavsperson: Magnus Fröderberg

Kilde: Nordic Council (norden.org). Opphavsperson: Magnus Fröderberg

Erik Solheim klagar på tungvindt metode for innmelding i Den norske kyrkje i Vårt Land. Eg synast dette er interessant, då det er langt frå realiteten eg sjølv har erfart.

For å ta litt fakta: For å melde seg inn i Den norske kyrkje, så må ein faktisk møte opp på prestekontoret. For å melde seg ut, må ein sende eit brev.

Ja, det er tungvindt, det vil eg ikkje seie noko imot. Og det er nok noko utdatert måte å krevje innmelding på, som absolutt kunne betrast på, t.d. ved å ha same krav som alle andre trus- og livssynssamfunn.
Les videre