Stikkordarkiv: Dnk

Sekularisme for religionen si skuld

«Sekularisme» er eit diffust ord. Ulike folk legg ulike ting i det, men det vi som står for dette har felles er at vi ynskjer ein sekulær stat. Prest Steinar Sneås Skauge (@SteinarSS) reflekterer litt over sekularisme.

Norges lover og bibelenFatima har fått eit brev om grava til mannen i posten. Det er snakk om ei festeavgift på grava, men denne har ho betalt, og ho kan ikkje sjå kvifor ho har fått dette brevet. Fatima er ikkje så glad i å snakke i telefonen med offentlege etatar, då det gjer kommunikasjonen vanskelegare, så ho går på kontoret til dei som forvaltar gravplassen. Det er kyrkjeverja, og i kommunen der Fatima bur har kyrkjeverja kontor i ei arbeidskyrkje. Fatima, som er muslim, må altså inn i ei kyrkje for å snakke med ein person som har som hovudoppgåve å administrere kyrkja sitt arbeid, for å snakke om grava der mannen hennar ligg gravlagt, sjølv om han er gravlagt etter muslimske skikkar og på eit muslimsk område på gravplassen.

Då Kjell og Laila høyrde kva presten i kyrkjelyden sa om kva som skjedde etter døden, fann dei ut at dei ikkje kunne stå som medlemmar i eit kyrkjesamfunn som hevda dette. Dei ville ikkje skape noko bråk, og meldte seg derfor ut av Den norske kyrke utan noko oppstyr. Eit par veker seinare ringer det på døra deira midt på natta. Utanfor står presten som sa det om døden dei reagerte slik på. Presten kan fortelje at sonen deira er død i ei bilulukke.

Les videre

Medlemskap i Den norske kyrkje

 

Kilde: Nordic Council (norden.org). Opphavsperson: Magnus Fröderberg

Kilde: Nordic Council (norden.org). Opphavsperson: Magnus Fröderberg

Erik Solheim klagar på tungvindt metode for innmelding i Den norske kyrkje i Vårt Land. Eg synast dette er interessant, då det er langt frå realiteten eg sjølv har erfart.

For å ta litt fakta: For å melde seg inn i Den norske kyrkje, så må ein faktisk møte opp på prestekontoret. For å melde seg ut, må ein sende eit brev.

Ja, det er tungvindt, det vil eg ikkje seie noko imot. Og det er nok noko utdatert måte å krevje innmelding på, som absolutt kunne betrast på, t.d. ved å ha same krav som alle andre trus- og livssynssamfunn.
Les videre

Nok en “felles” minnemarkering

Blomstermarsjen i Oslo Sentrum mandag 25. juli 2011 i etterkant av Terrorangrepet i Norge 2011. Det antas at omtrent 200 000 var tilstede under felles minnemarkeringen. Bildet ble tatt fra sørsiden av Oslo rådhus. Foto av Mathias-S på norske Wikipedia

Blomstermarsjen i Oslo Sentrum mandag 25. juli 2011 i etterkant av Terrorangrepet i Norge 2011. Det antas at omtrent 200 000 var tilstede under felles minnemarkeringen. Bildet ble tatt fra sørsiden av Oslo rådhus. Foto av Mathias-S på norske Wikipedia

Da var det på’an igjen – nye påstander om at kirka favner oss alle, og at vi alle kjenner oss hjemme der. Det nærmer seg 22. på kalenderen, og det er vel uuangåelig at dette kommer opp igjen. Det hadde jo vært noe å håpe på at politikerne lærte noe om pluralisme og livssynsmangfold i løpet av  året som har gått, men så synes dessverre ikke. Les videre

Bilete av Han van Hoof: http://www.fotopedia.com/items/2vkm0374cpr5p-zlYZqjNi5jU

Statsreligionen er dau, lenge leve Folkekyrkja!

Bilete av Han van Hoof: http://www.fotopedia.com/items/2vkm0374cpr5p-zlYZqjNi5jU

Bilete av Han van Hoof: http://www.fotopedia.com/items/2vkm0374cpr5p-zlYZqjNi5jU

21. mai (dvs. allereie på måndag) vart mest sannsynleg statskyrkjeforliket endeleg fullført. Dette gjer at statskyrkja vart nedlagt, og Noreg – som ikkje lengre er eit kristent land – vil gå ad undas. Eller?

Kva er eigentleg statskyrkjeforliket? Eg vil prøve å svare på det så tydeleg eg kan:

Les videre

Eg er visst kristen.

Me strømte til kyrkja etter 22. juli og utførte “kyrkjelege handlingar. Eller korleis var det no igjen?

Vårt Land skriv om ein interessant undersøking frå KIFO (Stiftelsen Kirkeforskning) og TNS Gallup. Undersøkinga går på nordmenns deltaking i minnemarkeringar etter 22. juli. Artikkelen (og undersøkinga) tar for seg mykje, men eg vil bare ta for meg ein lita del: Kyrkjelege markeringar.

Den visar at heile 12 prosent deltok i kyrkjelege markeringar på landsplan, og i Oslo/Akershus var talet oppe i heile 20 prosent. Normalt sett er disse tala på to til tre prosent av befolkninga på søndagsgudsteneste. Med andre ord eit ganske imponerande hopp.

Men det er då eit problem at dette blir tatt til inntekt for auka religiøsitet (Les: me bler meir kristne) i Noreg, noko eg (og sikkert nokon andre) har sett fleire tilfelle av i kjølvatnet av 22. juli. Vel, eigentleg er det ikkje det som er problemet. Det eigentlege problemet er ein ekstremt brei definisjon, samt noko eg trur er ein misforståing av sjølve handlingane.

For “kyrkjelege markeringar” definerast i Vårt Land som:

“å legge ned blomster eller tenne lys i eller utenfor kirken, i tillegg til gudstjenester”

Eg veitt ikkje korleis det er med andre, men eg synast det er direkte frekt av Kifo/TNS å ta mi blome, til inntekt for ein kyrkjeleg handling. Eg la ned ein blome blant rosehavet fordi at det var der blomane var, der dei var samla. Eg reknar au med at folk flest som la blomar og tente lys utanfor kyrkja ikkje tenkte noko særleg over det som noko spesielt kristent, eller religiøst i det heile tatt. Det var ein handling for å vise samhald, sympati og stønad til dei som var direkte ramma, og, for nokon, ta avstand frå handlingane og holdningane til terroristen Anders Behring Breivik. Dette hadde ikkje noko med kristendom å gjere i det heile tatt.

Dette førar oss over til neste poeng: Kva meinte me med handlingane? For det var ikkje bare rosehavet utanfor domkyrkja som vart tatt til inntekt for kyrkjelege handlingar. Det var au gudsteneste, då bl.a. gudstenesta søndag 24. juli, og påfølgjande minnegudstenester. Der deltok ein stor mengde folk, au folk eg veit at er ateistar, muslimar, sikhar m.m. Eg meiner ikkje å leggja meining i andres handling, men eg gjettar stort på at dette ikkje var nokon bevisst, kristen handling for dei. Det var, som sagt, for å vise samhald, sympati, stønad og så vidare. Kvifor skal dette då gå til inntekt for “kyrkjeleg markering”?

Eit anna problem med å ta dette til inntekt for kyrkjeleg markering, er at det må vel etter kvart utvatna uttrykket “kyrkjeleg markering”, “kristen markering” eller i det heile tatt “kristen” for alle dei som seriøst meiner og trur på dette. Ein får etter kvart ein sekulær kyrkje, som skal ta hand om alle, uansett om ein trur eller kva det er ein trur på.

Er det verkeleg det kristne ynskar? For det er i så tilfelle uforståeleg for meg.

Eg vil sjå undersøkinga som verkeleg undersøk kvifor folk samla seg akkurat der. For no vart alle som er på besøk i ein gudsteneste (Eller legg frå seg rose i rosehavet, tenn lys m.m.) registrert med ein kristen (til nøds religiøs)) handling. Dette til tross for Kifo har tidligare levert ei undersøking som visar at det i Noreg er 43 prosent ateistar, ei vekst på 11 prosent sida 1991.

Jada. Me strømte til kyrkja etter 22. juli. Men det er eigentleg ikkje så interessant. Det interessante her er kvifor. Og at eg tydeligvis er kristen.

(Merk: Dette er eit typisk rant. Det vil sei at eg tar ting litt hissig og irritert, samt drar det litt ut til det ekstreme, så beklagar om du skulle føle deg treft: Det var nok med vilje.)