Religionskritikk av kvalitet

Dette er ein bokmelding av «Hedenske Hark» av Ronnie Johanson, som ble gitt ut av Religionskritisk forlag i 2011. 
Forsiden på Hedenske Hark

Forsiden på Hedenske Hark

 

Å drive med religionskritikk er vanskelig. Å balansere kva som er saklig, faktisk kritikk, utan å tråkke på for mange tær er eigentleg eit kunststykke. Spesielt når ein faktisk kommer til dei plassane der ein ikkje lengre klarar å halde seg unna tærne. 

Ronnie Johanson er eit kjent namn for mange i HEF. Han har vore med i meir enn 20 år, og har gjort seg merka blant anna i Hedningsamfunnet enno lengre, og er, ifølge Didrik Søderlind, ein av Noregs skarpaste religionskritikere.

Når Ronnie Johanson kjem til orde, kan ein vere ganske sikker på at han ikkje har på seg silkehanskar. Men samtidig er det han sier relevant, saklig og med hald i verkelegheita. Han har faktisk lest bibler. Koranar, toraer(?) og meir er gjennomploga, og endt opp i fleire bøker. Nokon hos «vårt» eiget Humanist Forlag, og fleire hos blant anna Religionskritisk Forlag. Og det er hos sistnemnte forlag eg no har lest Hedenske Hark.

Hedenske Hark er ein kompilasjon av forskjellige tekster Johanson (med fleire, i nokon tilfelle) tidligare har publisert. Nokon her i Humanus, nokon i Fri Tanke, andre i avisar rundt omkring. Det er ein oppsamling av spesielt utvalte Hark, sjølv om eg, som Levi Fragell i forordet, synast at dei forten ein betre nemning: Dette er religionskritikk i ein klasse for seg sjølv.

Det opnar lett, og kompilasjonen er generelt sett lettlest. Det sett likevel ikkje ein dempar på stemninga. Kvart Hark er grundig grunna, med referanse til kvar det først (ikkje, då det var ein del eksklusive refuserte Hark med!) var på trykk, kva saka handlar om, og referansar til bibelvers eller koranvers, om det skulle vore nødvendig. Harka har au ofte ein viss snert i seg, noko som enten førar med seg enno meir fornøyelse eller meir provokasjon.

For det er ikkje til å skuffe under teppet: Hedenske Hark er provoserande. Nokon vil nok ha lyst til å si både ditt og datt til forfattaren etterpå, men eg har problem med å sjå kva dei kan sei. Ronnie Johanson går grundig til verks, og utfordrar faktiske problemstillingar i forskjellige religionar, med gode kjeldetilvisingar.

Men no igjen kan det vere Ronnie bare lurar oss. Som han sjølv påpeikar i «Åndshøvdingene og vi» så er det lett å få anerkjennelse viss ein bare uttrykka seg innvikla. Til gjengjeld vil eg påstå at dei mest innvikla snuttane i boka står ikkje forfattaren sjølv for; det er ham som står for ein fornøyeleg, grundig nedbryting av innviklingane. Og visst er det fornøyeleg!

Bokmeldinga sto opphavleg på trykk i Humanus 3/2011, medlemsbladet for Human-Etisk Forbund, Oslo og Akershus fylkeslag.

1 kommentar til “Religionskritikk av kvalitet

  1. Tilbaketråkk: Profet, healer, svindlar, speler det nokon rolle? | Tankeferd

Det er stengt for kommentarer.