Eg er visst kristen.

Me strømte til kyrkja etter 22. juli og utførte «kyrkjelege handlingar. Eller korleis var det no igjen?

Vårt Land skriv om ein interessant undersøking frå KIFO (Stiftelsen Kirkeforskning) og TNS Gallup. Undersøkinga går på nordmenns deltaking i minnemarkeringar etter 22. juli. Artikkelen (og undersøkinga) tar for seg mykje, men eg vil bare ta for meg ein lita del: Kyrkjelege markeringar.

Den visar at heile 12 prosent deltok i kyrkjelege markeringar på landsplan, og i Oslo/Akershus var talet oppe i heile 20 prosent. Normalt sett er disse tala på to til tre prosent av befolkninga på søndagsgudsteneste. Med andre ord eit ganske imponerande hopp.

Men det er då eit problem at dette blir tatt til inntekt for auka religiøsitet (Les: me bler meir kristne) i Noreg, noko eg (og sikkert nokon andre) har sett fleire tilfelle av i kjølvatnet av 22. juli. Vel, eigentleg er det ikkje det som er problemet. Det eigentlege problemet er ein ekstremt brei definisjon, samt noko eg trur er ein misforståing av sjølve handlingane.

For «kyrkjelege markeringar» definerast i Vårt Land som:

«å legge ned blomster eller tenne lys i eller utenfor kirken, i tillegg til gudstjenester»

Eg veitt ikkje korleis det er med andre, men eg synast det er direkte frekt av Kifo/TNS å ta mi blome, til inntekt for ein kyrkjeleg handling. Eg la ned ein blome blant rosehavet fordi at det var der blomane var, der dei var samla. Eg reknar au med at folk flest som la blomar og tente lys utanfor kyrkja ikkje tenkte noko særleg over det som noko spesielt kristent, eller religiøst i det heile tatt. Det var ein handling for å vise samhald, sympati og stønad til dei som var direkte ramma, og, for nokon, ta avstand frå handlingane og holdningane til terroristen Anders Behring Breivik. Dette hadde ikkje noko med kristendom å gjere i det heile tatt.

Dette førar oss over til neste poeng: Kva meinte me med handlingane? For det var ikkje bare rosehavet utanfor domkyrkja som vart tatt til inntekt for kyrkjelege handlingar. Det var au gudsteneste, då bl.a. gudstenesta søndag 24. juli, og påfølgjande minnegudstenester. Der deltok ein stor mengde folk, au folk eg veit at er ateistar, muslimar, sikhar m.m. Eg meiner ikkje å leggja meining i andres handling, men eg gjettar stort på at dette ikkje var nokon bevisst, kristen handling for dei. Det var, som sagt, for å vise samhald, sympati, stønad og så vidare. Kvifor skal dette då gå til inntekt for «kyrkjeleg markering»?

Eit anna problem med å ta dette til inntekt for kyrkjeleg markering, er at det må vel etter kvart utvatna uttrykket «kyrkjeleg markering», «kristen markering» eller i det heile tatt «kristen» for alle dei som seriøst meiner og trur på dette. Ein får etter kvart ein sekulær kyrkje, som skal ta hand om alle, uansett om ein trur eller kva det er ein trur på.

Er det verkeleg det kristne ynskar? For det er i så tilfelle uforståeleg for meg.

Eg vil sjå undersøkinga som verkeleg undersøk kvifor folk samla seg akkurat der. For no vart alle som er på besøk i ein gudsteneste (Eller legg frå seg rose i rosehavet, tenn lys m.m.) registrert med ein kristen (til nøds religiøs)) handling. Dette til tross for Kifo har tidligare levert ei undersøking som visar at det i Noreg er 43 prosent ateistar, ei vekst på 11 prosent sida 1991.

Jada. Me strømte til kyrkja etter 22. juli. Men det er eigentleg ikkje så interessant. Det interessante her er kvifor. Og at eg tydeligvis er kristen.

(Merk: Dette er eit typisk rant. Det vil sei at eg tar ting litt hissig og irritert, samt drar det litt ut til det ekstreme, så beklagar om du skulle føle deg treft: Det var nok med vilje.)