Kvinnesyn, mannesyn, menneskesyn?

 

Likestilling?

Likestilling?

Kvinnedagen! Hurra for alle kvinner, ropast det i alle arenaer. I dag er absolutt kvinnedag. Og det må vel vere ein bra ting?

(Originalt publisert hos Fri Tanke.) 

Joda. Sjølve ideen er fin, ein dag for å markere og jobbe for kvinner sine rettar. Likestilling og sånn som det.

Og nei. Kvinnedagen byggar opp under ord og uttrykk som «kvinnesyn», «kvinner sine rettar» og «kvinnedag» i seg sjølv.

Men det er vel ikkje så ille?

Vel.

Jo.

Då endar ein opp med eit «kvinnesyn», og eit «mannesyn», kvinner sine rettar, og menn sine rettar, «kvinnedag» og «mannsdag«. Då forsvinn mykje av poenget.

For poenget er vel likestilling? Likestilling på tvers av kjønn og sånn? Er det verkeleg bare eg som ser ironien i å dele verda opp etter kvinnesyn og mannesyn, kvinner sine rettar og menn sine rettar, kvinnedag og mannsdag?

For slik eg ser på likestilling (Anten på Store Norske eller på Wikipedia) så handlar det om like rettar, pliktar og moglegheitar. Som no diskuterast med kvinnedag, mannsdag, kvinnesyn og mannesyn.

Er det ikkje snart på tide å slutte med det, og heller starta med å diskutera likestilling med likestillinga si dag, menneskerettar (Hei, har me ikkje noko som heiter det allereie?), og menneskesyn?

Så til @Gunhildrf, som starta denne tankeprosessen på Twitter:

(@Gunhildrf visar til denne saka, der generalsekretær i Human-Etisk Forbund og tidligare likestillingsombod, Kristin Mile, går ganske kraftig ut mot religion, kvinnesyn og kvinnedagen.)

Igjen, nei, humanismen har ikkje noko kvinnesyn. Humanismen har eit menneskesyn, som i kvart fall eg synast er ganske mykje betre.