Framsida til Profeten fra Snåsa

Profet, healer, svindlar, speler det nokon rolle?

Framsida til Profeten fra SnåsaJoralf Gjerstad. Den søte, koselege, gamle mannen frå Snåsa. Og Snåsa då. Sikkert eit av dei minste største stadane i Noreg.

I det siste har «Snåsakaill’n» vore mykje i media. Litt på grunn av støtte frå politiinspektør Rohde, litt på grunn av ein viss bok, skrevet av Ronnie Johanson. Eg kjem til å ta for meg det siste tilfellet av merksemd

Ronnie Johanson (viss bøkar eg har skrevet om før) har no kommen ut med den første kritiske boka om Joralf Gjerstad. I boka tar han grundig for seg påstandar om lækjing, profetiar, og anna som Gjerstad påståeleg har gjort.

Boka er billig (kr. 150 portofritt tilsendt), lett tilgjengeleg (send e-post til [email protected]), godt vekta, gode kjelder (Dei offisielle bøkane, og nyhende), og lettlest (eg brukte totalt rundt to timar). Før du uttalar deg negativt/positivt om boka, ber eg deg lese den. Har du ikkje lyst til å betale for den, er eg villig til å låne ut min bok til dei som ynskjer å kommentera.

Boka til Johanson er godt dokumentert, og visar tydeleg til sine kjelder, gjerne med utdjuping om det skulle vere noko som trengs.

Gjerstad påstår mykje, og følar seg  «fryktelig såret» hos Se og Hør. Hos Dagbladet «Mistet [han] nattesøvnen etter massiv kritikk». La oss ta ein titt på ein del av påstandane til Gjerstad, skal me?

  •  «Gjerstad mener at både hans person og kristne tro er under angrep. – Alt Johanson har skrevet i sin bok sårer meg fryktelig. I natt hadde jeg store problemer med å få sove. Jeg kan ikke se andre motiver enn at Johanson vil motarbeide kristendommen og det guddommelige, sier Gjerstad.» hos Dagbladet:
    I boka nemnast så og sei ikkje noko om religion, og når det vart nemnt, er det bare i forbifarten. Gjerstad som person vart behandla i stor grad med respekt (nokon unntak eg kjem til), og det einaste Johanson gjer, er å faktasjekke mange av påstandane til Gjerstad. Faktisk så avsluttar Johanson med blant anna:
    «Det er allikevel grunn til å tro at hans evner som helbreder er reelle. Mange har opplevd bedring eller helbredelse etter behandling hos ham. Dette kan forklares med placeboeffekt. […] Gjerstad fortjener mer ære enn healere flest, blant annet fordi han ikke tar seg betalt og fordi han sender pasienter videre til helsevesenet dersom han ikke kan hjelpe.
    Det er også en del som kanskje kan tyde på at Gjerstad har visse telepatiske evner. […] Hvis det skulle dreie seg om telepati, er også dette et naturfenomen – som vitenskapen ennå ikke har belyst. Men for slike ekstraordinære påstander kreves det ekstraordinære bevis; noe som ikke foreligger.» (Profeten fra Snåsa, S. 91)
  • «– Jeg har lest litt i boka til Johanson. Alt det han skriver er løgn. Han fantaserer så mye at han drar med seg en hel del av de personene som har hjulpet meg, sier Gjerstad og stiller spørsmål om Johanson lovmessig kan presentere boka sin slik han har gjort. – Jeg er ingen ekspert, men tviler på at han har lov til å ha bilde av meg på forsiden av boka sin og kalle meg «profeten fra Snåsa», sier en fortvilet Gjerstad.»
    Først: Dei to første setningane. Han har lest litt av boka, men slår fast at alt er løgn. Wow. Han er verkeleg flink til å lese bøkar og skjønne innhaldet.
    Så: Gjerstad er, i den grad det er mogleg, offentleg person i Noreg. Han står frem i intervju, han har så langt vore fokus i fem, 5!, bøker, kor han på tre av dei har vore heilt eller delvis involvert som forfattar. Medrekna Profeten fra Snåsa, og boka han skal komme med seinare i år, så vart det sju. Det einaste Gjerstad kan klaga på, er viss Johanson ikkje har fått tillating frå fotografen om å bruke bilete. Det trur eg absolutt han har gjort.
  • «Selv med klarsyn så ikke Gjerstad at ei bok, hvor han blir beskyldt for tilløp til bløff, skulle komme på markedet. – Jeg har aldri sett for meg at en slik kritikk. Hele mitt liv har jeg jobbet for skole og kirke. Jeg har bestandig ønsket å beholde kristendomsfaget i skolen. Om ikke kristendommen blir tatt hensyn til og ført tilbake inn i skolen, vil Norge tape absolutt alt av moral, hevder Gjerstad og sier at Norge som kristen nasjon er forpliktet til å fremme kristendomsfaget i skolen.»
    Synast det er imponerande at ein klarsynt her ikkje klarar å sjå at noko som skapar ein så stor mediestorm før det skjer. Så til det med kristendomsfaget: Dette har ingenting med saka å gjere (Johanson nemnar såvidt at Gjerstad er kristen i forbifarta, og påpeiker at han har kritisert andre for å grunna sine krefter i Den heilage ånd og liknande, mens han tidligare har sagt det om seg sjølv (S. 75-76). Dette er omtrent det einaste Johanson skriv.), og kunne eigentleg blitt lagt til ro der. Men med det eine Gjerstad seier: «Om ikke kristendommen blir tatt hensyn til og ført tilbake inn i skolen, vil Norge tape absolutt alt av moral«, er veldig interessant. Han gjer kristendommen all honnør for moral, og seier dermed at majoriteten av verda si befolkning ikkje har grunnlag for moral. Rart at ikkje resten av verda er i kaos, då? Til å vere klarsynt, så har Gjerstad her eit veldig lite klart syn på verda.
  • «I hans [Johansons] bok «Profeten fra Snåsa» males et bilde av en bløffmaker og religiøs fanataker [Sic].» skriv Se og Hør.
    Dette er det ikkje hald i. Johanson tilbakebevis mange av dei påståtte spådommane og lækjinga, og om enn han peiker på at Gjerstad kan vere ein bløffmaker (aldri «religiøs fanataker»), gjer Johanson Gjerstad «The benefit of doubt», og skriv at Gjerstad nok gjer dette i beste tru, utan å prøve å bløffe nokon. (Johanson er litt meir hard på oppfattninga av Gjerstad som ein beskjeden, audmjuk person, men me kjem til det.)

Det var litt av Gjerstads reaksjonar på boka. Men kva skriv faktisk Johanson?

  • At Gjerstad nok har hjelpt ein del personar, og ikkje har gjort eit forsøk på å svindle nokon.
  • At Gjerstad nok har lækjande krefter, i form av å vere eit sympatisk medmenneske, som verkeleg bryr seg.
  • At Gjerstad faktisk sendar folk han ikkje kan hjelpe vidare til profesjonelle, som faktisk er utdanna til å hjelpe sjuke, skada og sånn.
  • At Gjerstad nok ikkje har noko klarsyn. Han er flink til å vere vag, slik som dei fleste spåkoner og -menn, og vart hugsa for dei gongane han treff. Ikkje for alle dei gongane han faktisk bommar. (Sjå t.d. Gunnar Tjomlids fine visualisering her, om enn litt på spissen.)
  • At Gjerstad er ein veldig flink Cold Reader.
  • At Gjerstad kanskje kan ha telepatiske evnar, men at denne ekstraordinære påstanden krevjar eit (hittil ikkje produsert) ekstraordinært bevis.
  • At Gjerstad langt på nær er den beskjedne, audmjuke personen som mange trur han er.

Så kom me endeleg til mitt siste punkt:

Søte, snille, beskjedne, audmjuke Joralf Gjerstad. Ronnie Johanson har skrevet litt om det, på s. 79.

Det korte svaret er nei, Gjerstad er ikkje så audmjuk.

Som Johanson skriv:

«Blant annet på grunn av hans tilsynelatende beskjedenhet. Men nå skriver han at kona hans fikk «mer enn noen andre kvinner i Snåsa, for ikke å si landet, en betydelig oppgave å utføre ved å være medhjelper for meg». Landets viktigste kvinnejobb? Dette står i en viss kontrast til hva han skriver i forordet til Å stå i lyset: «Jeg har alltid følt meg som et ubetydelig menneske i samfunnet.»
Samtidig unnså han seg ikke for å skrive at «Jeg føler det er riktig at jeg forteller om mine opplevelser, slik at etterslekta får et inntrykk av og forståelse for de medmenneskelige pliktene jeg alltid har utført.»» (Sjå scanna versjon av heile sida.(PDF))

Mannen, som ikkje er interessert i å bli eksponert, er elles – som sagt tidligare – på veg ut med sin fjerde bok – om seg sjølv – av totalt sju bøker – om han. Jada, beskjeden og audmjuk.

Han nektar enno å la seg teste. Som Dagbla’ skriv: «På spørsmål fra Dagbladet om det nå ikke er på tide å la noen i full offentlighet få teste hans påståtte klarsyn, svarer han.

– Det er ikke mulig det, har du fått synet så ser du. Det går ikke å stoppe noe slik, sier han.»

Det er fullt mogleg at det er Dagbladet som tullar her, men det var no litt av eit svar. Mitt standpunkt er at han her utgjer seg for å kunne heale, spå og litt av kvart. Han nektar å la seg teste, og er ikkje tatt inn ved noko sjukehus eller legekontor. Om det er hans eiga val eller at han ikkje er spurt (reknar i stor grad med at han er spurt), så synast eg det er uetisk å ikkje hjelpe når han no har moglegheit.

Så. Profet? Healer? Svindlar? Spelar det nokon rolle?

For dei som vart gitt falskt håp, så ja, det spelar nokon rolle. Han lurar dei, bevisst eller ubevisst. Han tener pengar på å selje bøkar med udokumenterte påstandar.

Men til slutt er det eine og aleine folks eiga val. Eg ynskjer bare at dei faktisk veit kva dei går til.

(Ja, eg anbefal Ronnie Johansons bok. Den er tilgjengeleg hos Religionskritisk forlag, og bør lesast før ein kommenter på Johansons «angrep» på Snåsamannen.)

8 kommentarer til “Profet, healer, svindlar, speler det nokon rolle?

  1. Sindre Bremnes

    Eventyrlig dårlig kamuflering av vikarierende motiver, Jensen. Om du ikke er i stand til å finne eller formulere argumenter mot meninger du misliker, er det greit å holde seg unna debatten. Ingen blir imponert over sutring.

  2. Dan-Raoul

    Heilt greitt at du synast at det er dårleg skrevet, men inntil du vel å dele kva du meiner er dårleg skrevet (og ikkje kom her med alt, kom med spesifikke døme), vel eg å klassifisera deg som troll, og la det bli med det =)

  3. Sindre Bremnes

    … jeg ser til min fornøyelse at hr. Jensen sågar er medlem av Facebook-gruppen «Framsnakking». Ser du ironien, Geir? Eller er du ikke så opptatt av samsvar mellom liv og lære, kanskje?

  4. Sindre Bremnes

    … jeg ser til min fornøyelse at hr. Jensen sågar er medlem av Facebook-gruppen «Framsnakking». Ser du ironien, Geir? Eller er du ikke så opptatt av samsvar mellom liv og lære, kanskje?

Det er stengt for kommentarer.