Bilete av Han van Hoof: http://www.fotopedia.com/items/2vkm0374cpr5p-zlYZqjNi5jU

Statsreligionen er dau, lenge leve Folkekyrkja!

Bilete av Han van Hoof: http://www.fotopedia.com/items/2vkm0374cpr5p-zlYZqjNi5jU

Bilete av Han van Hoof: http://www.fotopedia.com/items/2vkm0374cpr5p-zlYZqjNi5jU

21. mai (dvs. allereie på måndag) vart mest sannsynleg statskyrkjeforliket endeleg fullført. Dette gjer at statskyrkja vart nedlagt, og Noreg – som ikkje lengre er eit kristent land – vil gå ad undas. Eller?

Kva er eigentleg statskyrkjeforliket? Eg vil prøve å svare på det så tydeleg eg kan:


Kyrkjeforliket vart presentert 10. april 2008, etter ein ganske omfattande førebuing. Alle partia på Stortinget sto bak forliket, og det var tverrpolitisk eining om at dette var vegen å gå.

Dei (større) interessante endringane er som fylgjer:

  1. Kyrkja skal få lov til å vele biskopar og prostar sjølv, ved demokratiske val.
  2. Det skal ikkje lengre vere «Kyrkjeleg statsråd» som er øvste organ i kyrkja.
  3. Kongen er ikkje lengre øvste leiar i Den norske kyrkje (Dnk)…
  4. … Men regenten må enno vere evangelisk-luthersk kristen. (Dette etter eiga ynskje. Humanistisk Ungdom (HU) (med fleire) ba kongen tenkje seg om i fjor.)
  5. Halvparten av regjeringsmedlemmane må ikkje lengre vere medlem av Dnk.
  6. Kyrkjeministeren treng ikkje lengre vere medlem i Dnk
  7. Statsreligion går ut av § 2, og folkekyrkja kjem inn i § 16. § 2 vil lyde:
    «Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne.»
    Og § 16 vil lyde:
    «Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse. Den norske Kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forbliver Norges Folkekirke og understøttes som saadan af Staten. Nærmere Bestemmelser om dens Ordning fastsættes ved Lov. Alle Tros- og Livssynssamfund skal understøttes paa lige Linje.»
    (For meir, sjå her.)
  8. (Bl.a.) § 16 sikrar Dnk ein fortsett særskilt forankring i Grunnlova.
  9. Kyrkja si organisering og liknande skal fortsatt regulerast av ei eiga kyrkjelov.
  10. Staten vil fortsatt lønne og ha arbeidsgjevaransvaret for biskopar, prostar, prestar og andre som tilsettast i kyrkjelege stillingar av kyrkjelege organ. Disse vil med andre ord fortsatt vere statstenestemenn.
  11. Finansiering av Dnk vart slik det er. Det inneber blant anna at det ikkje vart medlemsavgift i kyrkja.
  12. Forvaltningslova og offentlegheitlova skal fortsatt gjelde for lovbestemte kyrkjelege organ.

(For litt meir, så summer desse to Wikipedia-artiklane ganske godt.)

Så litt myteknusing:

«Jesus/Gud/Kristendommen er på veg ut av grunnloven!»

Nei. Jesus/Gud har aldri vore i grunnlova, og det er vanskeleg å fjerna noko som ikkje har vore der. Kristendommen har vore der i form av § 2:

«Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse. 

 Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.»

Den nye § 2 lyder:

«Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne.»

Forskjellen her er at me går frå å ha ein statsreligion, til å ha ein kristen og humanistisk arv. Med tanke på at det er fleire ikkje-kristne i Noreg no enn kristne (ca. 35 % religiøse i figur 1.6), så er det meir i samsvar med verkelegheita, og meir inkluderande. Det sikrar au kristendommen enno ein særskilt posisjon i grunnlova.
(Må nemnast at «humanisme» som nemnt i foreslått grunnlovsendring, ikkje siktar til livssynet humanisme, men heller ideologien.)

«No kjem muslimane til å ta over landet!» «Du kan ikkje ta kristendommen ut av grunnlova!» «Humanetikarane har brukt magi for å få politikarane til å øydeleggja landet vårt!» «Dette burde ikkje regjeringa/Stortinget få gjer aleine!»

Mange variantar av disse (sjekk t.d. ut Dagbladets kommentarfelt – merk at dette er på eiga ansvar), av meir eller mindre seriøs grad. Eg kan bare sei så mykje som at dette skjer etter eit tverrpolitisk vedtak (Alle parti på Stortinget er einige om dette), etter fleire høringsrundar, fleire utval som har jobba med saka, og det skjer fire år etter at (nesten) alle planane vart presentert offentleg. Vanlege folk har blitt spurt. Det har vore tatt omsyn. Det har vore heilt klart for politisk press, påverknad og liknande i fire år. Trur ikkje eg treng å sei meir.

«Statskyrkja vart avvikla»

Nope. Me har ikkje hatt statskyrkje no. Me har hatt statsreligion. Evangelisk-luthersk attpåtil. For omtrent alle praktiske omsyn, så vart det meir korrekt å sei at me får ein statskyrkje, om enn teksten er «Folkekyrkje». I stor grad same rettar, same privileger, same medlemsrot. (Bare synd at @Folkekirka allereie er opptatt på Twitter, då.)

«Endeleg ein sekulær stat/eit sekulært statsapparat!»

Og hoi, som det går! Nei. Diverre, spør du meg. Kyrkja har framleis ein sterk særstilling i statsapparatet, og du vil framleis sjå sjukehusprestar, fengselsprestar, studentprestar, og så vidare. Og, som nemnt tidligare, så vil alle kyrkjelege tilsette i Dnk framleis vere å rekna som statstenestemenn. Lønna og, eigentleg, tilsett av staten. Altså, det er slik at staten enno skal betale rentar på kyrkjelån! Så kampen for å få Dnk ut av staten Noreg er enno ikkje ferdig. Langt derifrå.

 Nokon siste tankar

Eg er, langt på veg, redd for at dette kan føre til at det tar lengre før Dnk er ute av staten. Dette er eit kompromiss, som nok i stor grad vil gjere slik at politikare som har vore med og kjempa for denne saka legg ballen død, og ikkje gidd å fylgje saka opp så mykje meir.

Eg er redd for at dette kan utsetta framtidig arbeid med å skilje stat og kyrkje.

Eg skulle nesten heller ha venta ti år til på eit skikkeleg skilje, heller enn å vente tjue år frå no til at det skjer noko meir i denne saka.

Men eg er glad det skjer noko. Regjeringsmedlemmane treng ikkje lengre å bestå halvparten av medlemmar frå Dnk.

Eg er glad kyrkja får litt fleire moglegheiter for sjølvbestemming. At dei kan vele biskopar, prostar, liturgi sjølv.

Eg er glad, for at 21. mai kanskje kan bli ein merkedag for arbeidet framover.

Eg er glad for at dette potensielt kan gje ein ny giv, og kanskje, kanskje kan me føra denne saka heilt i mål.