Medlemskap i Den norske kyrkje

 

Kilde: Nordic Council (norden.org). Opphavsperson: Magnus Fröderberg

Kilde: Nordic Council (norden.org). Opphavsperson: Magnus Fröderberg

Erik Solheim klagar på tungvindt metode for innmelding i Den norske kyrkje i Vårt Land. Eg synast dette er interessant, då det er langt frå realiteten eg sjølv har erfart.

For å ta litt fakta: For å melde seg inn i Den norske kyrkje, så må ein faktisk møte opp på prestekontoret. For å melde seg ut, må ein sende eit brev.

Ja, det er tungvindt, det vil eg ikkje seie noko imot. Og det er nok noko utdatert måte å krevje innmelding på, som absolutt kunne betrast på, t.d. ved å ha same krav som alle andre trus- og livssynssamfunn.

Men så er det eit par ting: I saka verkar det som Solheim heilt seriøst meiner at det bør vere enklare å melde seg inn, enn å melde seg ut. Eg kan ikkje tru at det kan vere eit ynskjeleg prinsipp, anna enn for å halde folk igjen i organisasjonen. Dette gjer då vidare assosiasjonar til sektar og liknande grupper som det er vanskeleg å forlate. Vil me verkeleg dit?

Mi tanke er at det skal vere vanskelegare å melda seg inn enn ut. Det skal vere lettare å komme seg ut enn inn, om enn ikkje på det nivået kyrkja har no. Krev brev, bruk nettskjema som t.d. Human-Etisk Forbund gjer for innmelding. Ikkje verre enn det. Men i tillegg, slutt med å krevje brev for utmelding. Brev er utdatert. E-post burde vere nok, evt. telefon.

Og er det eigentleg så lett å melde seg ut?

Eg har sjølv meldt meg ut tre gonger. Eg er ikkje døypt. Eg er ganske sikker på at ingen av foreldra mine var medlemmar i Dnk når eg vart født. Likevel: Tre gonger, siste gong etter at eg var valt inn i sentralstyret i Humanistisk Ungdom, og derav klart medlem i Human-Etisk Forbund.

Dette har bakgrunn i folkeregistertullet á 1997. Då vart Folkeregisteret (ja, Folkeregisteret!) brukt som base for digitalt medlemsregister for Den norske kyrkje. Dei (Regjeringen/Stortinget, litt usikker her. Dette var ikkje ein løysning Dnk ynskja sjølv) tok ut første- og andregenerasjons innvandrare (som i teorien au er Hans Majestet Kong Harald, øvste leiar i kyrkja då.), og ba alle andre trus- og livssynssamfunn om å sende inn deira medlemslister, for å ta ut overlappet. Dette nekta fleire å gjere (bl.a. Human-Etisk Forbund og eit par fleire), då det var brot på Personvernloven. Dette førte til eit overlapp, i tillegg til at fleire som hadde meldt seg ut, plutseleg vart medlemmar igjen. Beskjeden var då at folk måtte melde seg sjølv ut (som tydeligvis kan ta eit par forsøk).

I praksis har dette gitt Dnk to medlemsregister: Det digitale (som er utslagsgivande for stønad til alle andre trus- og livssynssamfunn, og, som dykk ser av forrige avsnitt, ganske fullt av feil.), og kyrkjebøkene. Dei som er i det digitale, men ikkje i kyrkjebøkene (dvs. ikkje døypte medlemmar), kallar kyrkja «tilhørige». Om du er tilhørig, så skal det vere ganske enkelt å melde deg ut, då skal ein e-post vere nok. Trude Evenshaug, kommunikasjonsdirektør i Dnk, retta meg litt her på Twitter. Er ein feilaktig oppført, er ein ikkje tilhørig, og det skal vere ganske enkelt å fikse.

Ein er tilhørig om ein av foreldra var medlem ved fødsel, og ein ikkje aktivt meldte frå om at ein ikkje ville vere tilhørig, evt. meldte tilhørigheit til eit anna trus- eller livssynssamfunn. Det fine her er at ein då vart (skal bli, i kvart fall) tatt ut automatisk når ein fyllar 18 år om ein ikkje er døypt. 18 år er elles ein litt rar alder, då livssynsmyndigalder er 15 år….

Problemet er å vite om du er tilhørig, medlem eller ingenting i Dnk. Det er det lita moglegheit til å sjekke, kanskje anna enn ved røystesetel til kyrkjevalet. Men så er jo det fine: Tilhørige får ikkje røystesetel. Så sjølv utan røystesetel kan ein vere i registeret.

Så å komme ut av Den norske kyrkje er ein interessant oppleving. I tillegg så er det ein del krav om at ein må ta kontakt med sitt meinigheitskontor for å melde seg ut. Dette er ikkje nødvendigvis der ein bor, det er gjerne der ein vart registrert når ein vart født, og med mindre ein har god oversikt over meinigheitsgrensane, så kan ein plutseleg vere i ein meinigheit ein aldri har vore i nærleik av. Ein er alltid registrert i meinigheitskontoret der ein er folkeregistrert. Diverre er addressesøket på kirken.no meldar Evenshaug, så eg anbefalar å bruke skjemaet i neste avsnitt.

Heldigvis så er det ein ganske enkel løysning som fins, tydeligvis til frustrasjon for kyrkja. Humanistisk Ungdom (ikkje Dnk sjølv!) har eit skjema som enkelt og greitt sendar ein e-post til medlemsregister@kirken.no med relevant informasjon. Bare fyll ut, og send!

Så Erik Solheim: Er det eigentleg så gale?

Jada. Det bør endrast på.

Men veit du kva? Eg synast det er litt viktigare å rydda opp i det digitale registeret, og rydda opp i utmeldingsrutinane først.

  • Kristoffer Stokkeland

    Epost er neppe godt nok til å identifisere seg for utmelding, tenker jeg. Men i utgangspunktet burde en i 2012 ha kommet langt nok til at begge deler kunne blitt gjort lett via et skjema på nett.

    • Det er godt nok for HEF, og så og sei alle andre organisasjonar, i kvart fall om det er rett registrert e-postadresse. Men korleis er brev på nokon måte noko så helst sikrare?

      • Kristoffer Stokkeland

        De er ikke det. Men signaturer er de facto identifikasjon.. Og kirken sentral har nok ikke noe registrerte e-pstadresser. HEF kan motta brevet pr epost; men det skal skje skriftlig med underskrift. Ref: http://www.human.no/Om-oss/Medlemskap/Utmelding/

        • Oi, der ser du. Hugsar ikkje alt. Hadde inntrykk av at e-post var nok, men det har litt med at eg bare har vidaresendt utmelding tidligare, ikkje handtert direkte.

          Ang. identifikasjon: MinID, Buypass og liknande er jo døme på elektronisk ID som brukast idag. Når uansett medlemsregisteret er knytta til Folkeregisteret, så bør ein vel kunne det?

          • Kristoffer Stokkeland

            Det burde en kunne, men er vel ikke kirken det står på.

            Ellers er eKirkebok halvinnført nå og: «Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet vil i løpet av 2012 fastsette tidspunkt for når alle skal benytte eKirkebok istedenfor fysisk kirkebok.» http://kirkeaktuelt.no/innforing-av-ekirkebok-i-2012/