I 2012 har det skjedd mykje. Det gjer det vel kvart år. Men dette var året eg starta jobb i Human-Etisk Forbund.

Filadelfiakromosomet som sett i FISH-metafase. Kjelde.
Dette var året med min første relativt normale vaksenjobb.
Dette er ein relativt lang post i hovudsak om sjukdommen min, men au ein slags oppsummering av året som har gått. Eg ville gjerne hatt begge, men det ville vore ein så stor overlapp uansett, at eg slo dei saman. Eg beklagar på førehand kor lang den er, men eg var au litt interessert i å få fram litt korleis eg fekk diagnose og sånn – i hovudsak av latskap til seinare.
Nysgjerrig på korleis det går no? Trykk her for å gå til slutten.
Dagane 22. – 23. august skulle vere to ganske greie dagar. Den 22. skulle eg gje blod, for første gong sida mars. Eg skulle på Hans Rosling. Eg skulle så rett vidare på gudsdebatt med bl.a. Bjørn Are i panelet, og Marit som ordstyrar. Eg hadde nettopp starta på eit ganske kult studium, med gode folk på studiet og ting så ganske bra ut. Eg hadde til og med blitt spurt av Fri Tanke om å skrive først om Hans Rosling, så potensielt om gudsdebatten au. Gode dagar.
Det var året kor eg var min første tur til Belgia.
Så eg kjem til blodbanken på morgonen, etter god frukost, klar til å tappast. Eg er alltid litt nervøs når eg gjer dette. Eg er ikkje direkte redd for sprøytar og sånn, men eg er heller ikkje særleg glad i dei. I tillegg hadde eg litt lav blodprosent (12.2 eller noko) i mars, og fekk derav ikkje gje blod då. Men eg følte meg ganske god. Det skulle ikkje vere noko problem no lenger.
Dette var året eg møtte Richard Wiseman.
Sjølvsagt var det eit par ekstra rundar med spørsmål, og ein ekstra test, for å sjekke at alt var i orden. Me snakka litt ekstra inne på dei kontora dei tar intervjua på til vanleg, og så skulle me ta ein enkelt blodprøve.
Det var året kor eg, for første gong sida 2006, ikkje lengre har verv i Humanistisk Ungdom.
Blodprøve tatt, og eg ventar på resultata. Litt smånervøs som ein er når ein sitt der inne på eit kontor ein ikkje føler seg heilt heime i, og ventar på at den som bor her jobbar her skal komme tilbake. Det tar sikkert ikkje eigentleg så lang tid, så ho er snart tilbake, men ser litt forvirra ut når ho kjem inn.
Dette var året eg drog til Svalbard.
Blodprosenten min var nede i 9.2, som var ein relativt stor nedgang sida sist, og litt bekymringsverdig. Ho tar ein telefon til vakthavande lege på blodbanken, og sjekkar opp litt. Legen trur til å begynne med ikkje heilt på utstyret, men stiller eit par spørsmål, og ber om å få tatt litt meir blod, og få det sendt over til Ullevål. Greitt nok, tenkte eg, gir litt meir blod, får med meg ein Cola ekstra, før eg får beskjed om å ordne ein time hos legen.
Det var året litlebror samla 3 000 elevar mot mobbing.
Eg ordnar time hos lege og tenkjer ikkje så mykje over det, drar heim og lesar litt. Snart må eg dra for å nå Hans Rosling som skal ha foredrag på UiO. Diverre har eg undervurdert kor populær Rosling er, og kjem til ein kø som går frå Sophus Lies, og ser ut til å nå heilt bort til trikken. Heldig som eg er (husk at eg har ein ganske god dag, sånn utanom at eg ikkje får gitt blod), finner eg heldigvis Lars-Petter og nokon andre vener ganske langt fremme i køen, og foredraget er redda.
Dette var året kor eg slutta å jobbe i min første relativt normale vaksenjobb.
Mens me står der og ventar på å gå inn, får eg ein telefon. Det er visst frå Poliklinikk blodsjukdommar på Ullevål, og dei vil at eg skal komme inn i morgon, for å ta eit par testar og sånn. Eg prøvar meg med at eg har time hos fastlegen neste veke, og har forelesningar i morgon. Poliklinikk blodsjukdommar gjer meg ingen assosiasjonar i farten per telefon, og eg tenkjer at det ikkje kan hasta så mykje. Dei insisterer vidare, og eg seier ja etter kvart, og setter opp time ca. 10 dagen etter. Eg legg på, stussar litt ved det, men no er det Hans Rosling.
Det var året eg endeleg starta å studere. Religion og samfunn, på Teologisk fakultet ved UiO.
Hans Rosling var bra, gudsdebatten var interessant (men kvifor er det alltid teite biologar som ikkje er van til å diskutere dette som må vere ateisten der?), og eg er med Ullevål Universitetssjukehus. Eg hadde fått beskjed om at Poliklinikk blodsjukdommar skulle stå på kartet, men nei, det gjorde det ikkje. Eg finner nokon å spørje, og bler peikt i retning bygg 11, takkar, og går vidare.
Bygg 11, Kreftsenteret.
Dette var året eg fekk kreft.
Eg trur dette må ha vore første gongen eg forstår at det kanskje er noko meir på gang enn bare ingenting. Det normale adrenalinskuddet slår inn, og kva faen, eg skal på Kreftsenteret? Neinei, det går nok greitt. Det er sikkert bare ein underavdeling som er samlokalisert her, rasjonaliserer eg og prøvar å roe meg ned. Eg kjem meg inn, finner rett venterom og ventar.
Det var året eg måtte utsette studiane enno meir.
Her slår det meg at eg ikkje har fått sagt i frå til foreldra mine om at eg er her. Det var jo ikkje noko så stort, ikkje noko stress før no. Eg ringar mor mi, som, i og med at ho ikkje var heilt vaken på tidspunktet, får mitt «gav blod, og hadde litt lav blodprosent, og er visst no på oppfylging på Kreftsenteret» til å bli «spydde blod, innlagt på Kreftsenteret» eller noko i dei banar. Ho får panikk, men eg må gå, for no blir «Miranda!» ropt opp.
Dette var året kor eg verkeleg blei lei av at folk «ber for meg».
Nedbygging. Dette er ikkje så ille. Dette går greitt, me har hatt stor betring på dette området dei siste 15 åra, og du har 90 % sjanse for å ikkje bli spist av eit intergalaktisk, kvantefysisk vesen i laupet av dei neste seks åra. Du har Kronisk Myeloettelleranna Leukemi. KML.
Det var året når Charter-Svein «kosta» vekk beteninga i armen sin, rett ved sida av meg på direktesendt TV.
Eg hugsar ikkje heilt kva som blei sagt første gongen eg var inne, men eg er sikker på at det skulle ha vore eit intergalaktisk, kvantefysisk vesen inni der. Eg har visst Kronisk Myelogen Leukemi. Leukemi, leukemi. Kva er det no igjen? Åh. Wikipedia: «Leukemi blabla kreft blabla beinmerg, lymfeknutar blablablablablbla kvite blodlekamar (leukocyttar)». Kreft.
Kreft. Kreftkreftkreft.
I ettertid er det litt morosamt å tenkje på kor lenge eg haldt fast i at dette ikkje var kreft. Eg lesar no vidare på nettet om KML, og får sendt eit par detaljar om blodet mitt frå i går, samt diagnosen KML til foreldra og besteforeldra mine (lækjefamilie, så dei burde kunne ein del), før plutseleg det er på tide med beinmergsprøve.
Fuck.
Det var det, ja. Treng visst bare gjere det ein gong i halvåret, då. Kor lenge? Ut livet.
Fuck.
Men du slepp å gjere det i hoftebeinet, då! Tar det bare i kragebeinet etter dette.
Åh. Då så. Då må eg bare sjå kva som skjer. Vent! Etter dette?!
Eg må leggje meg ned på sida, dra buksa litt ned, og dei begynnar å reinsa med det flatterande, gule stoffet. Bedøving. Så må me bare vente litt til den slår inn.
Ikkje noko problem. Eg bare hyperventilerer litt stille for meg sjølv her.
Så. Klar? Då kuttar me deg først litt opp. Så skal me hente beinmerg.
Me tar ein pause. Tenk sommar, sol, varmt. Ikkje for varmt, bare akkurat passe. Tenk litt travel park, gode vener, med eingongsgrill, pølser snart klare, og dykk har godt tid: Det er ferie.
FAEN.
Sol vekke. Høljrekn, kaldt, tom, mørk park, heilt aleine. Knuste flaskar her og der. Eg vil heim.
Dei er inne. Men dei får ikkje tak i noko. I det heile tatt. Då må me vrikka litt, på den tingen me har stukke inn i hoftebeinet ditt, gjennom musklar og anna vev.
Blankt. Eg har lyst til å skrike. Men det er faen så vondt. Blankt. Er det noko anna enn dette?
Der. Me har fått tak i noko. Hmm. Vent. Er det nok?
Heldigvis nok.
Det er rart kor mykje kreft forandrar, om ein vil eller ikkje. Min reaksjon var å prøve å fortsette så nærme normalen som mogleg. Sjølvsagt, mindre ansvar (Ikkje sant?). Mindre verv (Yeah, right). Ikkje jobben eg hadde tenkt å skaffe meg. I hovudsak studiar. Bare studiar. Det så ut til å verke sånn passe greitt ein stund.
Dette var året kor eg såg bakken forsvinne under meg, for så bare stirre dumt på mangelen av bakke i eit par timar til.
Å oppleve at ein oppgåve bare stirrar tilbake på meg, i fleire timar var noko nytt for meg. Eg har aldri hatt noko særleg problem med oppgåver. Men no verka alt bare trivielt. Kven bryr seg om kva Karl Marx sitt syn på religion var? Og kva er vitsen i å skrive eit par sider om det, når det kan oppsummerast på eit kort minutt?
Kreft forandrar. Om det er med tanke på arbeidskapasitet, perspektiv, humor, vekt, eller pillesvelging. Før kunne eg au telje, gjerne på ein hand, kor mange gongar eg hadde blitt stukken av medisinske formål det siste året, og gjerne på ein hand. No er eg langt ute av teljing. Kreft forandrar. Mykje
Og det har naturleg nok vore ein stor del av livet mitt i 2012. Det har ikkje vore aleine. Eg har au lest gjennom fleire (heile to!) bøkar før trykking, eg har vore leiravisredaktør, besøkt Questival, blitt valt inn i styret til Foreininga Skepsis, besøkt Ungdommens kyrkjemøte, kritisert humanistar og mykje meir.
Men kreft er stort.
Det går ganske greitt no. Alle testar visar betring, og om enn kroppen ikkje heng med heilt enno, så kjem den au etter kvart. Det er seiast at på seks år så er 90% symptomfrie. Eg tar det no eit halvt år om gongen, og vil nok no fram til sommaren fokusera på å bli betre, i staden for alt anna.
Så mykje for studiane eg endeleg starta på.
For tida er eg ofte for slapp til å gjere noko, men ikkje slapp nok til å vere nøgd med å bare sitte og slappe av. Men greitt nok. Største plaga er nok eigentleg pillane, som eg er dritlei av å svelgje.
Å ta beinmergsprøve er au utruleg mykje greiare å gjere i kragebeinet. Det er eit fantastisk ubehageleg sug i beina (som om beinet knekkast innanfrå), men så er det i stor grad ferdig.
Som nerden eg er så må eg jo eigentleg sei at det er litt kult å ha tatt beinmergsprøve. Og å ta cellegift.
Og då kan det eigentleg ikkje ha vore eit så forferdeleg år.
Du er en av de tøffeste jeg vet om! Og jeg kommer aldri til å be for deg =) (men trenger du noe annet, så vet du vel at det bare er å si ifra!)
Tilbaketråkk: Loading 2013 … please wait « Prokrastinuft
Jeg er 100% enig i det Oda Martine skriver!
Tilbaketråkk: Klageveldet NAV - Tankeferd