Humanismekritikk og ein hyllest til Hedningsamfunnet

Eg kom over ein ganske interessant kommentar i går, der nestleiar i European Humanist Federation (EHF), Staffan Gunnarson, klargjer litt rundt kritikken av Humanisterna, Human-Etisk Forbund si svenske systerorganisasjon. Gunnarson går her ganske langt i å nærmast kalle religiøse for mentalt handikappa.

Humanisterna har vore kritisert ein stund for sin ganske ekstreme tilnærming til religion, som bl.a. har ført til kritikk frå eigne, då kanskje spesielt frå deira eiga ungdomsorganisasjon, Unga Humanister.

Det er fleire ting i Gunnarson si kommentar som eg stussar på, spesielt med utgangspunkt i det norske humanistmiljøet. Som å finne saman med religiøse:

«Ambitionen [til humanistrørsla] har aldrig varit att söka gemenskap med de troende.»

«Det har aldri vore ein ambisjon å søkje fellesskap med dei truande.» Som humanist, falt det meg heilt naturleg å engasjere meg i UngDialog, som er nettopp dette: eit fellesskap med truande. Det er ein del av å vere humanist, å undre, å prøve å forstå andre og andres tru.

Det betyr ikkje at ein ikkje skal kunne komme med religionskritikk, som Gunnarson drar fram høgt og tydeleg: Tvert om, så betyr det at ein lettare kan komme med rettkomen religionskritikk. Du får med ein aktiv dialog større forståing for likskap og felles grunn, og du kan lettare sjå kor ein faktisk ikkje står likt.

Og me står alle ulikt. Problemet her er at Gunnarson gjer eit inntrykk av at dette skal hindre all felles grunn mellom humanistar og religiøse. Noko som eg ikkje trur gjer lite anna enn å forverre inntrykket mange har av ateistar, humanistar som arrogante betrevitare.

Og det blir ikkje så mykje betre. Dette her startar greitt:

«[Vetande går] före tro och man kan därför inte hysa en irrationell, subjektiv uppfattning mot bättre vetande. Gör man det kan man t ex inte vara forskare.»

Før degraderinga av truande startar:

«Tro och vetande är därför något principiellt oförenligt. Detta förhindrar kanske inte en astrolog från att kunna skriva en akademisk avhandling i lingvistik, men hen får sannolikt svårt att göra karriär på institutionen för astronomi. En kreationist kan inte fullgöra ett gott arbete som biolog och en förintelseförnekare har ingen trovärdighet kvar som historiker. Dessa saker måste humanister vara medvetna om och aldrig bagatellisera.»

Utanom første setning så kan eg vere ganske einig i det han skriv her. Men den første setninga er no der, og i samanheng med påfølgjande avsnitt gjer det eit inntrykk av truande som direkte uvitskaplege, og uskikka til å jobbe med å drive verda framover. Eg synast at det er ganske fantastisk at han kjem med eit «Eg meiner ikkje X, MEN!»-argument rett etter:

«Humanisterna vill inte ha yrkesförbud för troende personer inom forskning och utbildning, men dessa förväntas som alla andra hålla sina kunskaper uppdaterade.»

Og her i Noreg kjem stygge HEF og avkristnar julesalmar. Oi, så forferdelege…

Eg vil her forlate Gunnarson si kommentar litt, og synsa litt rundt humanisme, religionskritikk, -dialog, og litt sånt som det i Noreg og Sverige.

Eg har alltid interessert meg i humanisme i andre land, men gløymer ofte at sjølv om Sverige er rett der, rett ved sida av oss, litt sånt som Oslo Aust litt aust for Oslo Vest (utan nokon samanlikning ut over det), men heile debattmiljøet – og derav humanismen au – er ganske forskjellig.

Religionskritikk er ein mykje større del av Humanisterna si retorikk og arbeidsmetode. Nokon tar dei den heilt ut, på ein måte som nesten får Hedningsamfunnet til å sjå ut som skapreligiøse. Arnfinn Pettersen (som opphavleg viste meg i retning Gunnarson si artikkel) gjekk t.d. gjennom Humanisterna si Gud finnes nog inte-kampanje som dei kjørte for ein stund sida, på den gamle bloggen sin. (Maren Storlien Syltevik (@syltegeek) si gjennomgang av aktuelle kampanje er au verdt ein titt.)

Det slår meg at me på sett og vis er heldige her i Noreg. Det er få utspel frå HEF (eller Humanistisk Ungdom, for den saks skuld) dei siste åra som har vore så mykje religionskritikk, som det har vore systemkritikk (kritikk av skulegudsteneste, statsreligion, og liknande er systemkritikk).

Ikkje det at det er noko galt med religionskritikk (eg synast det er veldig sunt!), men i Noreg har det i stor grad ikkje vore noko poeng i å kritisere religion.

Klart, det har vore nokon kritikkverdige ting, som t.d. IslamNet og kjønnssegregering, religion og homofili (både i islam og kristendom), men i stor grad er det kampar som har vore kjempa av så og sei alle andre, som HEF/HU, fordi at disse kritikkverdige tinga har så lita oppslutting, at du ikkje kjem unna med det.

Og når det er noko kritikkverdig som har litt større oppslutting (som det derav gjerne er litt meir kontroversielt for HEF/HU å gjere noko med), så har me Hedningsamfunnet.

Det Norske Hedningsamfunnet (DnH) er nesten blitt litt som ein sandkasse for HEF/HU å prøve ut dei litt meir kontroversielle sakane. Dette er ikkje meint negativt om DnH – tvert i mot, dette er nok meir kritikk av HEF/HU: DnH tør å vere kontroversielle, dei tør å stå i stormen, og dei gjer det med eit smil om munnen.

Om det er å «kapre» kristne julesongar, stille opp med bønnerop saman med muslimane, om det er å melde Den norske kyrkje til politiet for medlemsjuks (er det eigentleg gjort enno? Har lenge hatt ein draum om å gjere det), så er det DnH som stillar opp. Og samtidig, dei stillar gjerne opp på stand ved sida av IslamNet eller andre, og gjer det på ein slik måte at både DnH og IslamNet – til tross for heilt utruleg sprikande standpunkt på, ja, vel, alt – har ein ganske god tone rundt kvarandre.

Og dette, trur eg, har mykje å sei for humanismen, religionskritikken, -dialogen og sånt som det i Noreg.

Ved at DnH har i så stor grad tatt hand om religionskritikk, frigjer det HEF/HU til å i større grad fokusere seg om litt meir… medlemsservice, av mangel på betre ord. Meir fokus på humanistar, deira interesser, og deira seremoniar. Samtidig så har det då vore mogleg å byggje bruer saman med andre religionar og livssyn, t.d. ved klage på KRL-faget, som etter kvart munna ut i det relativt unike Samarbeidsrådet for Trus- og Livssynsorganisasjonar (STL).

Dette trur eg kan vere noko av essensen til HEF sin suksess dei siste tjuepluss åra, og HU dei siste par. Ein lynavleiar i DnH, og ein vilje til å «söka gemenskap med de troende»1. For det er viktig, givande, og ikkje minst, ein del av humanismen. Tenk kor keisamt det hadde vore hadde me alle bare vore humanistar…

 

Så, Staffan Gunnarson. Du utfordrar dei unge humanistane:

Med det sagt är det ändå positivt och välgörande att Sveriges unga humanister utmanar moderförbundet. Den globala humaniströrelsens symbol är ”Happy Human” – den fria, glada och positiva människan. Nu kan förhoppningsvis ungdomsförbundet bidra till att den humanistiska livsåskådningens mer konstruktiva, praktiska och sociala sidor kan utvecklas i Sverige, t ex efter modell från våra mer etablerade systerorganisationer ute i Europa.

Slik det er no, er både HEF og DnH eldre og meir etablerte enn Humanisterna. HU er knapt eldre enn Unga Humanister, men er på mange måtar allereie betre etablert enn Humanisterna.

Så sjå til oss. Sjå korleis du kan få fram humanismen, utan å måtte degradera truande frå å drive med vitskap. Sjå til oss for å sjå kor viktig og bra det er med fellesskap med truande.1

Og du veit at dette fungerer. HEF er enno den største humanistorganisasjonen i verda, både relativt til folketal, og med tal medlemmar aleine.

Heilt til slutt i dagens humanismekritikk:

«Vad återstår då för gemensam nämnare för troende och humanister, som man kan bygga vidare på? Humanismens ledstjärnor som kritisk rationalism, upplysning, en vetenskaplig världsbild, ett ständigt ifrågasättande av traditioner och dogmer, en etik primärt skapad av och för människor, ett ansvar för minimering av mänskligt lidande på jorden i detta enda liv, samt konsekvent sekulära resonemang i alla filosofiska, politiska och existentiella frågor, dessa går utifrån all rimlig bedömning inte ihop med religion, kyrka och tro.»

Åh, du skulle bare visst. Eg er nok langt meir einig med t.d. Bjørn Are Davidsen, Shoaib Sultan, Steinar Sneås Skauge, eller Tom Arne Møllerbråten, for å ta nokon, her enn deg, Gunnarson. Alle disse truande, alle disse mykje betre skikka til å drive med vitskap enn det du vitnar til å vere i din kommentar.

Humanisterna har tydeligvis valt å fylgje etter nyateismens suksess i Storbritannia og USA. Dette er diverre ikkje noko som passar inn i ein nordisk kontekst. Staffan Gunnarson og Humanisterna gjer smart i å revurdere si posisjon til å få inn litt gemenskap med truande.

1: Sjølvsagt, det har ikkje skada å få statsstønad.
Takk til innspel frå Bjørn Are Davidsen og Arnfinn Pettersen!

8 kommentarer til “Humanismekritikk og ein hyllest til Hedningsamfunnet

  1. Dan-Raoul

    Litt merkeleg å kritisere Dnk for å ha fått for mykje i stønad relativt til medlemsmasse, når dei får pengar uavhengig av det. Ein evt. melding bør gå på at det høge talet førar til skeiv fordeling til alle andre – noko som det definitivt gjer.

    (Men dette veit vel me begge ganske godt, vil eg tru.)

  2. Ansgar Braut

    Å ha en egen organisasjon for å markere at man ikke tror på noe, er bare patetisk. Ekstra tåpelig blir det når de har noe de kaller «konfirmasjon»:-) Beviser jo at HEF er
    satans disippler og er livredde Jesus og Hans mektige kraft.

  3. Dan-Raoul

    No ser eg ikkje korleis dette har noko med innlegget mitt å gjere, men eg bitar på:

    Antar du siktar til HEF som organisasjon? Eg er ikkje med på at HEF er ein «organisasjon for å markere at man ikke tror på noe». HEF er eit livssynssamfunn for dei som delar livssynet humanisme, ikkje for ateistar. Eg ser uansett heller ikkje kvifor det skulle vere så patetisk: Når religion er ein så stor del av verda som det er, er det ikkje unaturleg at dei som ikkje trur organiserer seg au.

    Og så: Kva er poenget ditt med konfirmasjon? Korleis er HEF satans disiplar/livredde Jesus? Lite forskjell mellom HEF og Dnk si seremoni: HEF har ein seremoni for å markera overgang barn-vaksen(/ungdom), Dnk har ein forbønnshandling. Jesus tenkjer eg elles lite på, anna enn at han hadde eit par gode levereglar for eit par tusen år sida.

  4. Tilbaketråkk: 2012 kreft? - Tankeferd

Det er stengt for kommentarer.