Om å mislike dykk kristne

Det Hva har du i mot oss kristne?verkar ofte som om det bare er eit tidsspørsmål før ein får det spørsmålet når ein snakkar om religion, livssyn og sånt, som ateist, humanist. Men hatar eg kristne? Kristendom? Religion?

Bilete er ein samtale som vart innleia utan førebuing sist veke. Ei eg møtte for ei stund sida, og har hatt i vennelista sida, var lei av det ho oppfatta som «hat» mot kristne, kristendom og religion generelt frå meg.

Dette er ikkje første gong eg får dette mot meg, men eg har alltid stussa ved det, fordi at eg ikkje oppfattar meg sjølv som ein som mislikar kristne, kristendom og religion. Det er mykje rundt det eg ikkje forstår, og stiller spørsmål ved, men det er ikkje det same som å mislike det.

Det slår meg etter å ha snakka litt med ho, at religions- og livssynsdialog i Noreg (og sikkert andre stader au) skjer med ein gruppe menneske med ein særeiga interesse for tru og livssyn. Og utan å tenkje så mykje på det, endar me som deltar i gruppa opp med litt eiga sjargong, samtaleform og tone.

Det byr på ein utfordring når samtalen tas i offentlege fora. Eg snakkar om tru og livssyn på Facebook, Twitter, Google+, Diaspora, og eigentleg kor enn det er folk som vil vere med og snakke litt om det. Alle steder postar eg heilt offentleg – fordi eg synast det er interessant å få flest mogleg inn i samtalen. Men kven vil vel delta i ein samtale kor ein følar seg mislikt frå første stund?

Her er eg litt rådvill. Eg følar eg tar dei aller fleste førebuingar når eg snakkar om religion og livssyn (noko som har blant anna ført til at eg har opplevd at til og med studentprest Anne Anita Lillebø (@aanita) går lengre i religionskritikk enn meg nokon gonger), og har på ingen måte noko i mot kristne, kristendom eller religion i seg sjølv. Eg deltar i religions- og livssynsdialog titt og ofte, og sitter til og med i styret til dialogorganisasjonen UngDialog.

Eg har møtt same reaksjon mot både meg og Humanistisk Ungdom og Human-Etisk Forbund fleire gonger. Til no er det få (les: ingen) som har peika på spesifikke ting som meg, HU, HEF burde skjerpa seg på, eller kor ein går for langt. Det er veldig synd, for utan det er det veldig vanskeleg å gjere noko med det.

Eg tar gladeleg imot kritikken, men då må eg vite kva eg blir kritisert for.

For å ha det sagt: Eg misliker ikkje religion. Eg misliker ikkje kristendom, og eg misliker ikkje kristne. Det eg derimot mislikar, er når det blir pressa på andre, eller får særrettar. Dette kan t.d. vere gjennom konfirmasjonsundervisning i skuletida, skulegudstenester, eller at ein ikkje får lov til å starte humanist-skule.

Lettaste måten å få gjort noko med tone, samtaleform og sjargong er nok å delta sjølv: Sei kva som blir feil, oppfattast støytande og forstå kva ein snakkar om. Bli med, for det er ganske kjekt å ha ein dialog, eller ein diskusjon om tru og tvil.

Men ver obs på at det må vere lov til å forsvare sitt standpunkt. Det betyr ikkje at eg mislikar deg, eller ikkje tåler kritikk. Det betyr bare at me har ein diskusjon.