Sekularisme for religionen si skuld

«Sekularisme» er eit diffust ord. Ulike folk legg ulike ting i det, men det vi som står for dette har felles er at vi ynskjer ein sekulær stat. Prest Steinar Sneås Skauge (@SteinarSS) reflekterer litt over sekularisme.

Norges lover og bibelenFatima har fått eit brev om grava til mannen i posten. Det er snakk om ei festeavgift på grava, men denne har ho betalt, og ho kan ikkje sjå kvifor ho har fått dette brevet. Fatima er ikkje så glad i å snakke i telefonen med offentlege etatar, då det gjer kommunikasjonen vanskelegare, så ho går på kontoret til dei som forvaltar gravplassen. Det er kyrkjeverja, og i kommunen der Fatima bur har kyrkjeverja kontor i ei arbeidskyrkje. Fatima, som er muslim, må altså inn i ei kyrkje for å snakke med ein person som har som hovudoppgåve å administrere kyrkja sitt arbeid, for å snakke om grava der mannen hennar ligg gravlagt, sjølv om han er gravlagt etter muslimske skikkar og på eit muslimsk område på gravplassen.

Då Kjell og Laila høyrde kva presten i kyrkjelyden sa om kva som skjedde etter døden, fann dei ut at dei ikkje kunne stå som medlemmar i eit kyrkjesamfunn som hevda dette. Dei ville ikkje skape noko bråk, og meldte seg derfor ut av Den norske kyrke utan noko oppstyr. Eit par veker seinare ringer det på døra deira midt på natta. Utanfor står presten som sa det om døden dei reagerte slik på. Presten kan fortelje at sonen deira er død i ei bilulukke.

Kyrkja og storsamfunnet

Begge desse scenarioa er mogelege scenario i Norge i dag. Vi har gjeve ansvaret for sårbare oppgåver til Den norske kyrkje, for at denne skal forvalte desse oppgåvene for storsamfunnet. Ofte er dette heilt uproblematisk, men mine to små forteljingar viser kor fort det kan gå gale. Det er ikkje rett at ein muslim, eller pinseven, ateist eller katolikk for den del, skal måtte oppsøke Den norske kyrkje sine kontor for å få ordna med gravene til familien. Det er heller ikkje rett om nokon som har meldt seg ut av Den norske kyrkje fordi dei er ueinige med synet den lokale presten har på kva som skjer etter døden, eller heilt andre spørsmål, skal få den same presten på døra med dødsbod.

Desse to døma er frå to område som har vore diskutert i samband med Stålsett-utvalet si rapport. Gravferdsforvalting og dødsbod. Når det gjeld dødsbod er eigentleg reglane greie. Reglane seier at dødsbod er politiet si oppgåve, men i praksis sender ofte politiet prestar ut i staden. Dette er ein uhaldbar praksis!

Gravferdsforvaltinga har andre reglar. Her er det lagt under Den norske kyrkje si organisering, og vi i kyrkja får tilskot til å gjere dette på vegne av det offentlege. Argumenta ein har for dette er heller svake. At gravplassane ofte ligg rundt kyrkjene våre eller at dei fleste gravferder skjer frå kyrkjer held ikkje. At kompetansen ligg i kyrkja er naturleg, då det er vi som har gjort dette til no, men det er sjølvsagt mogeleg å flytte kompetansen over til eit anna organ, nemleg til kommunen, der det høyrer heime. Å sørge for gravplassar, vedlikehald og organisering er noko som liknar mykje på alt det andre dei tekniske avdelingane i alle kommunane våre allereie driv med. Sjølvsagt skal dei kunne klare dette og. Om ein meiner at dei som jobbar i desse avdelingane ikkje er gode nok med folk til å ha ein slik jobb, er det ikkje vanskelegare enn å flytte nokre stillingar frå kyrkja til denne oppgåva. At ein del i kyrkja vel å argumentere for å halde på gravferdsforvaltinga er ei komplett gåte for meg. Vis meg den plass i Bibelen der det kjem fram at det å halde styr på gravsteinar som veltar er ei kjerneoppgåve for den kristne kyrkja!

Det vi ser gjennom gravferdsforvaltinga og praksisen med dødsbod, er at det offentlege Norge brukar Den norske kyrkja på ein måte som grip ut over Den norske kyrkja. Vi får i oppgåve å gå inn i liva til folk som aldri har bede om å ha noko med oss å gjere, og i nokre tilfelle har tatt eit medvite val om å bryte med oss. Dette er ei samanblanding av ulike sfærar ein ikkje kan drive med. Ein kan ikkje melde seg ut av storsamfunnet, men ein kan melde seg ut av kyrkja, derfor kan ikkje storsamfunnet delegere oppgåver som også er for folk som ikkje er medlemmar av kyrkja, til kyrkja.

Dette handlar om ei grunnleggjande likskapstenking. Vi kan ikkje halde oss med eit system som seier at nokon menneske er likare enn andre, men det er nettopp det vi gjer gjennom denne praksisen. Når ein må innom Den norske kyrkje for å ordne med graver, melder ein indirekte at det er gjennom Den norske kyrkje ein «verkeleg» gravferd vert arrangert. Kva seier dette om plassen eit medlem av bahá’i har i samfunnet? Kvifor skal han måtte vende seg til ein anna religion for å ordne eit grunnleggjande behov?

Sekularisme

Vi treng ei sekularisering av det offentlege i Norge. Med det meiner eg ikkje at vi treng eit samfunn der det religiøse får mindre å seie, for det meiner eg ikkje i det heile. Eg ynskjer eit samfunn der vi har biskopar som snakkar høgt og kraftfullt om alt frå oljeutvinning til abort. Eg ynskjer eit samfunn der Hare Krishna syng på Torgallmenningen. Eg ynskjer eit samfunn der det kjem ein fyr bort til meg i byggefeltet der eg bur og gjev meg traktatar frå Evangeliesenteret der han vart edru. Eg ynskjer meg eit samfunn der eg finn informasjon om Human-Etisk Forbund sine seremoniar i postkassa mi, eit samfunn der katolikkane har korsvandring gjennom byen på langfredag medan den lokale moskeen kallar inn til fredagsbøn og eit samfunn der samfunnsdebatten speglar og søker å forstå dei religiøse og areligiøse ideane som er levande rundt oss. Eg ynskjer meg eit samfunn der dei ulike religionane og livssyna våre får offentleg spelerom i minst like stor grad som i dag, men eg er sikker på at for at dette skal vere ein realitet i framtida må vi skape eit samfunn der alle trus- og livssynssamfunn, og også dei som står utanfor organiserte samanhengar, vert handsama likt av det offentlege.

«Sekularisme» er eit diffust ord. Ulike folk legg ulike ting i det, men det vi som står for dette har felles er at vi ynskjer ein sekulær stat. Frankrike er ein sekulær stat, der det offentlege er heller negative til religion. Tyrkia er ein sekulær stat, der det offentlege er heller negative til annan religion enn islam. USA er ei sekulær stat, trass i litt gudesnakk på dollaren og slikt, men ikkje eit sekulært samfunn. Der har det religiøse, primært det jødisk-kristne, ein tydeleg plass i det offentlege rom. Sekularisme er altså mykje, og det er ikkje sagt at sekularisme fører til at religion vert taparen. Som kontrast kan ein sjå på Norge som er eit sekulært samfunn, men ikkje ein sekulær stat. Vi nemner både religion og kyrkje i grunnlova. Ei religiøs ankring av grunnlova og samankopling av stat og religion fører altså ikkje automatisk til at det religiøse kjem så godt ut av det heile.

Eg er personleg ikkje så opptatt av kva som står i verdiparagrafen i grunnlova. Om det står kristen arv, kristen og humanistisk arv eller noko heilt anna spelar lita rolle for meg. Det er uansett ikkje noko meir enn ein visjon, medan det er praksis som er viktig. At grunnlova bind Den norske kyrkje til staten er derimot eit kjempeproblem. Det låser på mange måtar det å vere norsk, til det å vere evangelisk-luthersk av den synodal-episkopale sorten. Alt anna, til og med evangelisk-luthersk av den synodale sorten (som i Den Evangelisk Lutherske Frikirke), vert på ein måte eit avvik. Det er folk som ikkje er med i «folkekirken». Folk som ikkje ein gang er gode nok nordmenn til å gå inn under §16 i grunnlova. Nokre folk er likare enn andre….

Stat eller kyrkje

Det at staten tviheld på kyrkja er problematisk for alle nordmenn som står utanfor Den norske kyrkje, men det er også problematisk for Den norske kyrkje. Ja, eg vil faktisk seie at det ikkje berre er problematisk. Det er noko som sakte kan ta knekken på kyrkja. Eg trur vi må rive kyrkja ut av grunnlova før §16 vert vår dødsdom.

Slik det er no har vi ei eiga lov, «Kirkeloven», som styrar oss. Den grip detaljert inn i korleis kyrkja kan oppføre seg. Til dømes seier lova detaljert korleis dei demokratiske organa i kyrkja skal vere samansett og kva demokratiske organ kyrkja skal ha. Dette er ikkje noko som skal avgjerast av ei regjering eller eit storting som verken har eit kyrkjeleg mandat eller der medlemmene i det heile treng å vere medlemmer av Den norske kyrkja. Kva demokratiske organ kyrkja skal ha, ja om vi i det heile vil ha slike organ, er noko kyrkja sjølv må avgjere.

Det heile vert ikkje betre av at politiske parti ser det som si oppgåve å styre Den norske kyrkja. Arbeiderpartiet skriv til dømes i utkastet til partiprogram dei skal vedta på landsmøtet i april, detaljert om korleis vala i Den norske kyrkje skal gjennomførast. I kva lokalar, til kva tid og liknande. Dei vil samkøyre vala med offentlege val, slik det var i 2011, trass i at det fører til ytterlegare samansausing av «norsk» og medlem av Den norske kyrkje, at det førte til problem med avviklinga av offentlege val og at det førte til at kyrkjevalet drukna i kommune- og fylkestingsvalet i media. Det er ikkje opp til Arbeiderpartiet, eller noko anna parti, å styre når og korleis vi skal ha val i Den norske kyrkje. Det er det kun Den norske kyrkje som skal avgjere. Arbeiderpartiet skriv vidare at dei vil sikre at alle trus- og livssynssamfunn vert handsama likt. Kan vi sjå for oss staten gripe inn på same måte i dei demokratiske prosessane i Human-Etisk Forbund, Holistisk Forbund, eller Metodistkyrkja?

Det er også grunn til å uroe seg over kva som kan skje om, og når, vi i kyrkja finn ut at vi ikkje kan halde oss med kyrkjebygg og prestar i kvar minste krok av landet. Mange faktorar talar for at dette er noko som vil kome. Det er enormt dyrt å halde alle kyrkjebygga i stand, og mange av dei ligg der det omtrent ikkje bur folk. Samstundes veit vi at vi kjem til å få færre prestar i åra som kjem. Det vil då rett og slett ikkje vere mogeleg å dekke heile landet med prestar. Ein kvar naturleg analyse av situasjonen vil seie at vi då må droppe utkantane og heller prioritere byane og tettbygde strøk. Men kva vil då eit parti som Senterpartiet, kanskje det partiet som er mest interessert i å styre kyrkja, seie? Dei kan med grunnlova i hand krevje at Den norske kyrkja skal gjere sitt «folkekyrkjeoppdrag» og gje kyrkjeleg dekning på stader der det omtrent ikkje bur folk og der det ikkje er reell interesse for kyrkja, anna enn som eit sivilisasjonsalibi i staden for postkontoret ein mista for årevis sidan. Skjer dette, vil det ha potensiale til å strupe kyrkja totalt.

I tillegg er prestane framleis statstenestemenn. I praksis kan det seie at om ei regjering skulle finne ut at kyrkja har gått i ei retning dei ikkje likar, til dømes gjennom politiske og samfunnsmessige utspel eller teologisk utvikling, kan dei stille ultimatum at om ikkje prestane legg om kursen, kuttar departementet løna.

Både for Den norske kyrkja sin autonomi og framtid si skuld er det gode grunnar til å kome seg heilt ut av den statlege fangenskapen. At delar av kyrkja lid under eit slags organisatorisk Stockholm-syndrom, må vi leve med, men det kan vi ikkje la dette stoppe den utviklinga som også Den norske kyrkja vil vere best tent med, nemleg ei sekularisering av staten.

Kamp for gjennomført sekularisme bør vere sjølvsagt for Den norske kyrkje av omsyn til seg sjølv, men også av omsyn til alle dei som står i andre samanhengar. Vi kan ikkje halde oss med eit system som på den eine sida pensar alle inn i kyrkja når det kjem til organisering rundt døden, og på den andre sida grip inn i fridomen til den same kyrkja.

For meg er ikkje sekularisme noko vi skal vere redde for. Det er noko som bør vere eit sjølvsagt mål i eit pluralistisk samfunn, og noko vi bør argumentere for og jobbe for. Her bør kristne, ateistar og hinduar stå saman for å kjempe for eit rettvist samfunn for alle. I denne livssynskampen bør Den norske kyrkje og Human-Etisk Forbund stå skulder ved skulder. Kun gjennom ei gjennomført sekularisme kan vi sikre oss at alle innbyggarane i samfunnet vårt vert møtt med den same respekten og likskapen i alle delar av livet, og kun gjennom ei gjennomført sekularisme kan vi sikre oss at alle trus- og livssyn får fridom til å prege det offentlege rom.

(Tankeferd har sakna litt positive innlegg i sekularismedebatten frå religiøse, og utfordra Steinar til å skrive ned eit par ord. Eit par ord blei til eit fullgodt essay som dykk ser her.)
Steinar Sneås Skauge (31) jobbar som undervisningsprest i Meland rett utanfor Bergen. Han bloggar på http://stisidorsminne.blogspot.no/ og er aktiv på Wikipedia på bokmål og i Miljøpartiet Dei Grøne. På Twitter finn ein han på twitter.com/SteinarSS

  • Veldig glad for at du tar opp dette fra ditt perspektiv, Steinar! Det er godt å se slikt, når man kjenner til standard-reaksjonen fra Kirkerådet og noen overreagerende biskoper… Jeg er så enig med deg som det lar seg gjøre.

  • Kristoffer Stokkeland

    Eksemplene som brukes er vel de beste anvendelige for å klargjøre at sekularisering er viktig. Blir litt nysgjerrig på hvordan Steinar Sneås Skauge stiller seg til vanskeligere spørsmål som hvor sekulær skolen skal være og lignende der grensen er vanskeligere å trekke.

  • Arve Kjell Uthaug

    Eit veldig godt innlegg, og eg sluttar meg til det meste. Spørsmålet om sekularisme er stort, og innheld (minst) fire viktige delspørsmål.

    (1) Koreis kan ulike trus- og livssynssamfunn – også Den norske kyrkja – vera mest mogleg frie og skjerma frå statleg overstyring

    (2) Korleis skal medlemane av dei ulike livssynsamfunna stillast mest mogleg på like fot i samfunnet

    Her synest eg Steinar argumenterer godt. Statskyrkjeordninga er ei pest og ei plage. Og ein skal leita lenge etter eit meir elegant døme på at eit trussamfunn held seg med ein på same tid både priviligert og sjølvøydeleggjande posisjon.

    Eit par andre delspørsmål gjenstår likevel.

    (3) Kva for spørsmål skal kyrkjer og trussamfunn ta seg av, og kva for spørsmål skal det sekulære, offentlege apparatet utføra.

    Ein ting er at folk må få møta sin eigen religion og sitt eige trussamfunn, slik at det t.d. ikkje er presten si oppgåve å gå med dødsbodskap til ein humanetikar. Men dermed er det ikkje sikkert at oppgåva skal overførast frå trus- og livssynssamfunn til det sekulære «fellesapparatet». Eg vonar eg slepp å oppleva at politiet nokon gong kjem med dødsbodskap til meg. Kva i all verda har statens innanrikske valdmonopol i den rolla å gjera, kva kompetanse har dei på feltet og kva meining er det for t.d. ein kristen å bli møtt av politiet i ein slik situasjon? Skal dødsbodskap sekulariserast i denne meininga, kan dei for min del like gjerne senda kulturkonsulenten.

    (4) Finst det felles «sekulære» verdiar som ein stat og eit samfunn kan byggja på?

    Eigentleg trur eg svaret er nei. Steinar har rett i at eit samfunn kan vera prega av religiøse verdiar sjølv om staten er sekulær. Men staten må gjennom lovverket likevel slå fast ein del grunnleggjande normer i samunnet som neppe i lengda kan grunngjevast ut frå «sekulære» fellesverdiar, anten vi kallar det menneskerettar eller anna. I den grad t.d. vestlege samfunnt til no likevel heng saman i slike spørsmål, meiner eg det først og fremst skriv seg frå ein langvarige fellesarv. Ein arv som vi deler, men som vi er i ferd med å missa den djupare grunngjevinga av. Med grunnleggjande normer staten må slå fast, tenkjer eg på slike felt som: Kva for liv skal staten verna? Kven er svake grupper som treng vern i eit samfunn? Kva for rammer omkring familie og reproduksjon skal samfunnet godta, og eventuelt premiera? Eg har vanskeleg for å sjå at ein stat kan eksistera utan normer på slike felt, og dessverre like vanskeleg for å sjå at det finst felles, «sekulære» svar.

  • Morten Horn

    Hei!
    Takk for et godt og reflektert innlegg om legers reservasjonsrett. Det aller viktigste her, som du får godt fram, er at dette ikke bare er en problemstillinger for kristne leger. Det er sant at det er de som oftest knyttes til dette idag, men vi har et samfunn i stor endring der det fort kan bli en humanetisk lege som opplever å havne i skvis mellom samfunnets fordringer og ens indre etiske kompass.

    Jeg vil peke på noen årsaker til at slike konflikter kan bli vanskeligere:
    1) Den medisinsk-teknologiske utviklingen er enorm, og går i så mange retninger at det er vanskelig å holde oversikten. Ikke minst vanskelig blir det for etikken å holde tritt med teknikken – og det er en reell fare for (dvs., det skjer alt i dag) at teknikken flytter grenser utover det mange vil mene er etisk forsvarlig. En viktig side av dette er at utviklingen går så fort at det blir lite rom for (liten forståelse for) å ta den tid man trenger for å vurdere langtidseffekter, sjeldne eller paradoksale bivirkninger etc.

    2) Den teknologiske utviklingen er også så teknisk komplisert, at det er vanskelig for mange av oss å i det hele tatt forstå den, og forstå/se de etiske komplikasjonene. Det er så mange medisinske og basalmedisinske faktorer som skygger for de grunnleggende etiske spørsmålene.

    3) Politikerne legger til rette for stadig grad av rettighetsbasert helsetjeneste. Dette er svært problematisk av helseøkonomiske grunner – dels fordi det øker belastningen på helsebudsjettene – men like mye fordi det gir pasientene illusjonen av å ha en rettighet, som myndighetene/politikerne ikke evner å oppfylle. Men det bidrar også til at en stadig viktigere del av møtet mellom pasient og lege handler om at pasienten kommer for å «hente ut» den helsetjenesten han har krav på. Selv om dette kan være flott sett fra pasientens ståsted, gjør det legens rom til å handle i tråd med egne verdier trangere.

    4) En samlet effekt av dette kan bli at teknikken gjør et byks ut i den etiske gråsonen, leger, politikere og befolkning klarer ikke helt å overskue de etiske problemene, og mangel på ressurser og et ønske om rettferdighet og likebehandling tvinger fram en rask men uoverveid pasientrettighet – som kan gå i strid med legens skjønn og egne holdninger.

    Dersom vi kun gjør dette til et problem for bakstreverske kristne leger – da misforstår vi egentlig hva som er problemets kjerne, og klarer derfor ikke møte det på skikkelig vis.

    For oss som er leger, og for oss alle som er pasienter, er det viktig å være klar over at legerollen ikke bare er et service-yrke, ikke bare en stasjon langs et samlebånd. Jeg vet ikke om noen yrker egentlig er slik – men legerollen er det definitivt ikke. Tvert om krever legerollen en betydelig grad av autonomi, i hvert fall for å gi en effektiv yrkesutøvelse. Det er så stor variasjon fra pasient til pasient, selv de som har samme diagnose, at du bare i begrenset grad kan forholde deg til standardiserte utrednings- og behandlingsskjemaer. Ikke bare er selve sykdommen forskjellig hos ulike individer (pluss at ulike andre sykdommer pasienten har i enorm grad kan påvirke situasjonen), de har også svært forskjellig personlighet, og nettverk rundt seg.

    Dersom en pasient virkelig skal få god behandling hos legen, så trenger hun en lege som har evne og vilje til å tenke selv, fatte avgjørelser etter eget hode. Det som er problematisk (vel og merke dersom man lever i den virkelige verden – på tegnebrettet går dette helt greit) er å operere med en diger yrkesgruppe av leger som skal være autonome og beslutningsdyktige i noen situasjoner, men som i andre situasjoner skal være viljeløse lam som tamt følger retningslinjer eller underkaster seg pasientens vilje.
    Jeg får legge til at gode leger er gode bl.a. fordi de evner å forene sine egne verdier og holdninger med faglige og andre sentrale retningslinjer, og ikke minst med pasientens verdier og behov. Men det gjenstår likevel at det er i pasientens og samfunnets interesse at legen har et visst monn av selvstendighet.

    Vi leger er mennesker – og nettopp som mennesker er det vi gjør nytte for oss. Vi er, som våre pasienter, unike individer med personlighet og vår egen stil. Dersom vi skulle prøve å maskinliggjøre legene (utfra et ønske om standardisering), ville vi tape mye av det som gjør legen til en god hjelper for den individuelle pasient – pasienten som ikke er en bit av et maskineri, men som er et helt, unikt menneske han også.

    Jeg tror derfor vi vil måtte leve med dette – at leger er forskjellige, og at det i en god del saker vil kunne komme til konflikt mellom legens verdier og det som til en hver tid er samfunnets fordringer. I slike situasjoner bør man tenke seg grundig om før man med hard hånd tvinger legene til å danse etter den pipe som til enhver tid hersker i samfunnet. Dels fordi det er en betydelig risiko for at samfunnet har tatt feil, ikke har forstått dybden i de etiske utfordringer. Men også fordi det bør være en grense for hvor langt samfunnet, gruppen, kan tvinge enkeltindividet til å gå i takt. Ikke minst vi humanetikere – tradisjonelt en minoritet i samfunnet – bør hegne om retten til å følge sitt eget hode.