Lurar du verkeleg?

…eller er det bare ein høfleg gest?

Eg bryr meg eigentleg ikkje. Det er hyggeleg å bli spurt.

Å bli hugsa på.

At eg ikkje er heilt frisk.

 

Men det er to ganske forskjellige spørsmål.

Og eg trur eigentleg ikkje du er så interessert.

 

For eigentleg? Eigentleg har eg det ganske jævleg.

Eg har hovudpine konstant. Eg er sliten. Eg er dritlei. Eg følar at eg er utan mål, meining, og bare er til overs. Ein byrde.

Eg er kvalm, og må dagleg ta ei pille som eg nesten spyr opp før eg har fått den i munnen ein gong.

Men det hjelper ikkje deg noko særleg.

Og det gjer ikkje noko anna enn at du følar deg litt klein for å ha spurt, spesielt sidan du nok ikkje kan gjere noko særleg med det.

Og du følar synd på meg, for at eg er sjuk, utan at du eigentleg treng det.

 

Så då svarar eg
jo, greitt nok.

Det kunne vore verre.

Eg lever.

Eller: Eg hatar NAV.

 

Bare det siste der er ektefølt.

For eit hat for NAV er forståeleg.

Alle hatar NAV.

NAV er bare vanskelege og rigide og «ein må vere frisk for å orke å vere sjuk», som eg sikkert har høyrd ein ti-femten gongar til no.

Men NAV gjer jo eigentleg bare det dei skal.

Dei sjekka bare det at eg ikkje på det tidspunktet hadde søkt om sjukestipend hos Lånekassen. Noko eg heller ikkje hadde gjort. Då.

No er ein anna sak, og dei har sagt at det kan ta litt tid for å behandle klaga mi.

Ti veker, som eigentleg burde vere greitt nok.

Eg har bare vore utan inntekt i ti veker så langt, så kva er ti til?

Dei gjer jo eigentleg bare som dei skal.

For om NAV er for snille, så får me NAVare.

Mens viss NAV er for strenge, så får dei hat.

For det au.

Så å hate NAV er legitimt. Sida alle hatar dei.

 

Så det kan eg sei. Utan å føle at eg legger for mykje balast over på andre.

 

For det er slik det kjennast. Å leggje over otte og frustrasjonar på andre, som heilt sikkert har sine eigne ting å bekymra seg for. Eigne problem – eiga sjukdom.

Eg veit at det ikkje er heilt slikt. Folk bryr seg jo. Dei vil jo hjelpe, vere til stede for å ikkje kjenne seg heilt hjelpelause.

For å gjere noko altruistisk for å dempe egoet sitt litt.

Eg kjenner det jo sjølv når andre er er sjuke, skada, eller deppa.

Men no er det på ein eller anna måte noko anna.

Eg vil jo ikkje belasta nokon.

For det er jo ikkje nokon andre sin feil at eg er sjuk.

Og det gjer det eigentleg bare verre. Kva slags arrogant dritsekk er eg om eg tenkjer slikt om eiga sjukdom, men absolutt vil bry meg om andre er sjuke?

Kva viss dei tenkjer det same?

 

Damned if you do, damned if you don’t.

 

Så eg endar opp med å føle meg til overs.

Enno meir drit enn det eg starta med.

 

Og det er ikkje slik at eg ikkje prøvar. Prøvar å få gjort litt – prøvar å ikkje bare vere belasting.

Eg har prøvd å gå til forelesingar.

Eg har prøvd å lese litt.

Eg har prøvd å skrive litt oppgåver.

Men så er kvar morgon som om nokon har gått laus på hovudet mitt med slegge.

Kvar kveld er eg redd for å leggja meg, for eg veit kva eg vaknar til.

All konsentrasjon er vekke.

Og motivasjon?

Kva skulle eg hatt det til?

 

Så då er eg her. Følar meg som den dritsekken som vågar å vere sjuk, vågar å vere til belasting for andre.

Eg ventar, og håpar at eg skal bli meir van med medisinen.

For no er det ikkje ein gong lengre sjukdommen som held meg heime.

Det er medisinen, som gjer meg frisk, som held meg heime no.

 

Men så er det bare så mange filmar på Netflix.

Så mange seriar.

Og det er bare så lenge ein kan sjå på TV, gå gjennom Humble Bundle-spela sine, før ein bler litt…

lei.

 

Og då begynnar ein å reflektera over si posisjon.

For eigentleg, sånn verkeleg eigentleg.

Så har eg det ikkje så gale.

For eg har ei leilegheit, med ganske snille utleigare.

Eg har mat. Mat i kjøleskap og frys.

Eg har PC. Internett, og alle dets uendelege moglegheitar rett inne på mitt eiga lille krypinn.

Eg har medisin, lækje, og andre helsetenester til knappe 2 000 i året. Og snart håpar eg på å ha inntekt, til tross for at eg ikkje jobbar.

Eg har familie og venar som hjelpar og støttar meg.

Sjølv når eg er for arrogant til å eigentleg ville spørje om hjelp.

Og det er eigentleg ikkje så gale.

 

Så korleis kan eg våge å klaga, med alt dette?

Eg har litt lett kreft eg nok ikkje ein gong vil døy av, og så vågar eg å klaga når eg har alt dette?

Bortskjemte dritunge.

 

Så.

Eg har litt hovudpine. Eg er blitt litt latare i det siste, og bler litt fortare lei av å vere saman med mykje folk, men er samtidig einsam og redd for å vere aleine. Og så har eg tidvis litt mat/medisin i magen som vil opp.

 

Korleis har du det?

Jo…

Schrödingers påstand: sjølv om enn det ikkje er ektefølt, så insisterer det rasjonelle meg på at det er sant.

Det kunne vore verre.

 

Men eigentleg ikkje.