Demokrati?

Avstemming på Human-Etisk Forbund sitt landsmøte 2013. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Avstemming på Human-Etisk Forbund sitt landsmøte 2013. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Så var det dette demokrati då – kva har liksom det med humanismen å gjere?

Då humanismen starta ut i det som nok er nærmast dagens form som livssyn, var det i ettertid av nazismen (og, til ein viss grad, kommunismen, om enn den ikkje var (er?) heilt ferdig) sine herjingar verda over.

Då var demokratiet, i sin likebehandlande og (relativt) liberale natur som falt som det naturlege valet som motpol til dei meir totalitære ideologiane.

Den internasjonale paraplyorganisasjonen for humanister, IHEU, er fundert på dette prinsippet (Sjå deira Minimum Statement), og både Human-Etisk Forbund og Humanistisk Ungdom har fylgt deira døme.

Dette er gjort tydeleg i ulike erklæringar, som den internasjonale Amsterdamerklæringa av 2002, og det norske Humanistmanifest av 2006, der det står:

“Humanister anser demokratiet og individets rettigheter for å være grunnleggende, rasjonelt begrunnede verdier. Vi tar avstand fra totalitære religiøse og politiske ideologier og tenkemåter.”

Så, historisk er det no demokrati litt forankra.

 

Og i framtida…

 

Det er vel opp til oss.

 

(Dette er leiar i Demokratiets byggestein nr. 3, leiravis til Humanistisk Ungdom si sommarleir 2013, som eg er redaktør for. Alle utgåva kan, etter kvart, lesast her.)