Klageveldet NAV

Så då var NAV i hardt vêr. Igjen. Knapt noko nytt, om enn med ein godt skreven, tung historie.

Eg hadde eigentleg tenkt å prøve å halde meg unna dette igjen. Det meste eg har skrevet i det siste har vore veldig prega av kreft, NAV, og frustrasjon, og eg likar ikkje heilt den sida av meg: Det er ein side eg vil komme over, bli ferdig med, for så å starte på alvor med liv, studiar og slik igjen.

Men det er ein stor side av meg enn så lenge, og det er vanskeleg å komme heilt unna det. Kreft, NAV, AAP er enno meg.

(Åtvaring: Lang og kanskje tidvis overbeskrivet klaging på klageveldet NAV.)

I går var det akkurat eit år sida eg fekk beskjeden. Aldri ein kjekk beskjed å få, og det gjekk ein stund før det gjekk heilt opp for meg, og eg prøvde meg faktisk på å fortsette som fulltidsstudent. Det gjekk jo ikkje heilt,

Så eg snakka med rådgivar. Eg snakka med Lånekassen. Eg snakka med NAV. Såvidt eg forstod, så var det beste for meg, då, var å søke om sjukestipend frå Lånekassen for hausten 2012, og så ordne med NAV frå januar.

Fint det.

Eg ordna det eg fekk beskjed om at eg trengte til NAV, og leverte søknad om Arbeidsavklaringspengar (AAP) 17. januar.

Så flott, 4-6 veker behandlingstid.

Greitt nok, eg hadde fått feriepengar tidleg nettopp derfor, og det burde gå greitt, men eg sjekkar innom sosialstønad for å sjå om det var mogleg før det. Då hadde eg vore utan inntekt i ein månad.

Sosialstønad var diverre ikkje mogleg før eg hadde tatt ut og brukt opp min BSU-konto, då.

Dette er på mange måtar forståeleg (ikkje hjelp før du faktisk står på bar bakke), men det betyr at for at eg skulle få inntekt mens eg ventar på NAV, måtte eg først ruinert meg sjølv, og dermed måtte betale tilbake skattefrådrag eg har fått tidlegare, slik at eg var enno meir i minus.

Alt fordi eg vågar å ble sjuk som student.

Eg velar å ikkje søke om sosialstønad, og håpar at behandlinga ikkje skal ta meir enn dei 4-6 vekene.

Ganske nøyaktig etter fem veker får eg svar, avslag, pga. Teknikalitet eg ikkje var opplyst om.

Av ulike grunnar (eg var relativt slapp heile denne perioden, og det var ikkje freist for dette før til desember) hadde eg akkurat då ikkje fått sendt inn søknad om sjukestipend frå Lånekassen, men det sendte eg inn dagen etter eg søkte om AAP, altså 18. januar.

Då har altså NAV sjekka om eg har brukt opp sjukestipend med Lånekassen uka etter, og brukt fire veker på å sende meg svaret.

Eg klagar sjølvsagt, dette er allereie ordna, og er bare tull.

Så eg får standardsvar, og beskjed om ti veker behandlingstid.

Då har eg allereie vore over to månader utan inntekt, og eg har lite meir å leve på.

 

Eg endar opp med å måtte spørje om hjelp frå foreldra mine for å ha noko å leve på og betale husleige.

Og uansett kor mykje ein veit at foreldra eins er der for ein, og vil gjere alt for å hjelpe ein, så er det ikkje hyggjeleg.

Det var ein fallitterklæring: eg klarar meg ikkje lengre sjølv, og må «tigge» foreldra mine om pengar.

Dei er sjølvsagt forståingsfulle, og det same var dei fantastiske huseigarane, som vil etterkomme at eg er litt sein med husleiga.

Eg lever, men følar meg som ein lita unge, totalt avhengig av foreldra mine.

Men eg får no AAP etter kvart. I slutten av veke 18, etter 18 veker utan inntekt, får eg endeleg (mesteparten) av stønaden eg har krav på.

Og det skulle vel vere alt? Då var eg ferdig?

Neida.

Heile poenget med å gå over til NAV, var at eg skulle ha eit halvår kor eg kunne konsentrera meg på å bli van med medisin, slappe av, og byggja meg opp. Og om enn dei 18 vekene utan inntekt langt i frå var avslappande, så er det ein grense på kor lenge ein klarar å gå rundt utan å gjere noko særleg.

Så i slutten av juni, når eg endeleg har fått slappa av litt, tar eg kontakt med NAV igjen, for å prøve å høyre om korleis det er mogleg med opptrapping av studiane.

For å ta eit skritt tilbake, så er det ein del av prosessen med å godkjenne AAP at ein skal sette mål og ein «opptrappingsplan» for perioden ein er i ordninga. Då diskuterte eg med min saksbehandlar at eg gjerne ville ha ein gradvis opptrapping tilbake til studiane, og det var visst ikkje noko problem då.

Og eg rekna ikkje med det skulle vere noko problem, men lurte litt på korleis dette skulle bli ordna reint praktisk.

Så eg går til mitt NAV-kontor, seier kva det gjelder, og ber om at min saksbehandlar ringar meg opp, setter opp ein samtale, eller kva det no skulle vere som passar best. Det burde ikkje vere noko problem, og saksbehandlaren min er heller enno ikkje på ferie, så null problem.

Fire verkedagar seinare (altså etter dei 48 timane dei har lova) ringar ein fyr frå NAV, som eg ikkje har peil på kven er. Eg seiar at eg vil gjerne trappe opp til studiane igjen, og då fyren er litt usikker, så skal han sjekke opp litt på korleis det verkar.

Spol fram til starten av august, og eg har ikkje hørt noko. Eg går innom NAV-kontoret igjen og spør kva som skjer, og får først då beskjed om at eg har ny saksbehandlar, då han første eg hadde, slutta.

Kjekt med beskjed, ja.

Men eg får i kvart fall raskt svar, for «knappe» to dagar seinare ringar same fyr eg snakka med i juni opp igjen. Tydelegvis min nye saksbehandlar, og han kan opplyse om at ein slik opptrapping eg ynskja meg ikkje var mogleg.

Åh. …. Jamen, han der andre sa…

Nei, det er ikkje mogleg.

 

…. Så koseleg.

Så, det er ståa etter eit år.

Eg er for frisk til å ikkje gjere anna enn å vente på å bli betre, men definitivt for sjuk til å gå ut av AAP, byggja meg opp eit studielån, for å kanskje orke å klare éin eksamen.

Sjølv etter sju månader er NAV tunge, rigide, og gjer lite og feil informasjon.

 

No har eg ikkje hatt det på langt nær så ille som John Rasmussen, som ikkje ein gong fekk tak i sin saksbehandlar på ti månader. Og ein del av dette ligger på meg, som tidvis er treg med å få gjort ein del ting.

Men det er ikkje orsaking nok. AAP og liknande ordningar omfattar i stor grad mange sjuke, eller ikkje heilt friske, og det er naturleg at ting tar tid. Slik NAV er lagt opp no, slik NAV behandlar «kundane» sine, så burde ein – som klisjéen vil ha det til – «vere frisk for å vere sjuk».

NAV burde i større grad vere bygd opp slik at ein kan ha tiltru til at ting skjer, at sakar bler behandla, og at ein ikkje unødig hang seg opp i små teknikalitetar. Eg skjønner til ein viss grad behov for reglar, rutinar og system, men med tanke på kor mykje tull som har kommen fram frå NAV, så er det utruleg at dei enno får lov til å drive på som dei gjer.

 

Når så alt dette er sagt, så ordnar dette seg for meg. Klagar ein nok, og har ein god lege til å støtte seg, så kan ein få til alt. Og, i staden for å skrive dette i går, på årsdagen til beskjeden, blei eg halde opptatt av gode vennar og godt selskap. Så alt er ikkje gale.

Men det burde ikkje vere slik.

Og eg er eigentleg dritlei av å klage.