Det er tid for sommarens høgdepunkt, nemlig Humanistisk Ungdoms sommarleir! Dette blir min sjette leir, men eg følar at eg framleis gledar meg like mykje til denne leiren som eg gjorde til min første leir.
Som sommarleirveteran veit eg at det er mykje å sjå fram til. Sommarleir gir ein unik moglegheit til å treffe gamle venner og bli kjent med nye. Det som er spennande med ein ny leir, er at det er alltid ein blanding av nye og gamle deltakare, som gjer at ingen leir er lik. Det sosiale har alltid vore ein sentral del av sommarleiropplevinga, og det kjem det nok alltid til å vera!
På leiren samlast unge humanistar frå heile landet. For nye deltakare kan dette gjerne virke litt ufordrande i byrjinga. Eg minnast om min første sommarleir på Tjøme der eg måtte plutselig forstå at jærsk dialekt var akkurat like uforståelig for andre som trøndersk var for meg. Vidare opplevde eg at vende meg til at ikkje alle mine fordommar nødvendigvis var sanne, som den at alle austlendingar er dumme eller at alle nordlendingar er samar (heldigvis viste det seg at det berre var halvparten av alle nordlendingar som var samar).
Det er alltid noko nytt å lære på sommarleir. I år er tema for leiren demokrati og menneskerettar. Humanisme går som regel som ein rød tråd gjennom heile programmet, enten det er kritisk tenking, kropp og kjønn eller internasjonal leir. Det er alltid ein god grunn til å stå opp om morgonen for å begynne på ein ny dag. For min del har HU til gode å ha kjedelige opplegg på leir (Ok, det var kanskje ikkje heilt sant, eg har enda nokre minnar frå morgonar der eg skulle ynskje at eg aldri stod opp). Min erfaring er likevel at kvart opplegg er spennande på sin egen måte. HU klarer framleis å overraske meg og det er eg glad for!
Ingen er leir lik den førre. Strukturen på leiren endrar seg frå år til år, med tilførsel av nytt og spennande opplegg. Som til dømes for eit par år sidan da kreative verkstader blei innført, noko som var ein stor suksess. Eller som i fjor når det plutselig var mulig å dra til stranda for å bade. I år går det rykte om ein heilt ny struktur, med innføring av dagsoppdrag og leirråd. Og ifølge leirsjefen sjølve blir det i år større moglegheiter til å sette eit individuelt preg på leiropplegget enn før.
Eg må innrømme at for min del har sommarleiropplevinga endra seg litt ettersom åra har gått. Det er ikkje lenger like moro å farte rundt å finne på sprell eller å døgne dei siste kveldane på leiren. No overlater eg slikt til yngre og meir energirike deltakare. Eg følar også at eg verdsetter meir og meir dei stakkars leirleiarane som forgjeves prøvar å skape ro etter leggetid. For meg har søvn rykka høgare og høgare opp på prioriteringslista over ting eg vil få gjort på sommarleir.
Kva er det som gjer at eg deltar på Humanistisk Ungdoms sommarleir år etter år? Det er fordi eg ynskjar å treffe nye og gamle vennar. Det er fordi eg ynskjar å lære meir om mitt livssyn. Og det er fordi det er kjekt og spennande. Og det kjem det til å fortsette å vera!
God sommarleir!