Om prinsipp og livssyn og litt sånt.

Humanistisk Ungdom er vinden med ny kampanje, denne gongen for ein inkluderande grunnlov. Dei fleste ungdomspartia (7 av 9) var med å støtte opp under dette, mens KrFU kjem med noko rare greier i avisa Dagen. Eg stussar litt her på kva KrFU prøvar å oppnå med dette her.

Humanistisk Ungdom sitt landsmøte 2014 framfor Stortinget i samband med aksjonen. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Humanistisk Ungdom sitt landsmøte 2014 framfor Stortinget i samband med aksjonen. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Først: Emil André Erstad er (kanskje ikkje så overraskande) nok ikkje den politikaren eg er mest einig med, men det eg har observert av ham tidlegare, så er han i prinsippfast (han tør å stå for ting som definitivt ikkje alltid er særleg hyggeleg, nettopp på grunn av prinsipp), modig, og tydeleg, noko fleire andre kunne lært av.

Nettopp derfor er det litt trist å sjå kor fort prinsippa fall frå, så fremt det gagnar ein sjølv i dette intervjuet i Dagen.

– Mitt mål er et livssynsåpent samfunn. Det oppfatter jeg ikke at Humanistisk Ungdom ønsker. Jeg er for å respektere alle religioner i Norge og at vi skal behandle alle på samme måte, men fullstendig likebehandling av alle religioner blir umulig i et land der den store majoriteten av befolkningen tilhører ett trossamfunn.

For å starte her: Kva oppfattar du (eg kjem til å snakke til Erstad her, siden det er han som uttalar seg, og håpar på svar frå ham) at Humanistisk Ungdom (HU) meiner då? Første del av andre setning er prinsipp som HU står veldig hardt på, og er nettopp heile poenget med denne kampanjen.

Eg ser heller ikkje kvifor det er så ille å gå mot fullstendig likebehandling, uavhengig om ein majoritet har ein eller anna trus- eller livssynsretning. Kva er problemet? Tungvindt å ta omsyn til andre? Vanskeleg å måtte kutta litt i aktivitetar når ein ikkje lengre tilbyr livssynsbetjening til heile Noreg? Teit at andre skal ha rettar?

Eg er seriøst nysgjerrig på kvifor dette skulle vere så ille eller vanskeleg. Dette er noko ein ungdomsorganisasjon står bak, og har fått ungdomsparti med seg på. Om ikkje ungdommen skal vere unge, håpefulle, og idealistiske, kven skal då vere det?

– Jeg mener at det Humanistisk Ungdom kommer med ikke tar hensyn til realitetene, nemlig vår bakgrunn og hva som er status på livssynsfronten i Norge i 2014, sier Erstad.

Ja, kva med vår bakgrunn? Trustvang til evangelisk-luthersk kristendom fram til 1845, når ein fekk såvidt lov til å melde seg over i frikyrkjar? Og då jødar i 1851, munkeordningar i 1897, jesuittar i 1956 og andre eigentleg ikkje før i 1964, når religionsfridom kom inn i grunnlovens paragraf 2. Er dette ein tradisjon å halde på?

Noreg er i endring. Over 25% av befolkninga er ikkje lengre medlem av Den norske kyrkje, og knappe 35% kalla seg religiøse i 2008 (Religion i dagens Norge, ISBN: 9788215017501, figur 1.6). Likevel skal me tvihalde på ein illusjon om at Noreg bare (eller, i kvart fall i hovudsak) er eit kristent land.

Ingen seier at me skal gløyme kristendommen. Ingen vil skyve under teppet at nok ein markant del av Noreg si befolkning vil kalle seg kristne. Men Noreg er ikkje det same i dag som i 1814. Me har kommen oss vidare frå då, og det hadde vore kjekt med ein grunnlov som tenka fram, i staden for bak.

Han stiller seg heller ikke bak kravet om fjerne paragrafen om at monarken skal bekjenne seg til den kristne tro.

– Både kong Harald og den kommende monarken, kronprins Haakon, har sagt at de ikke ønsker å fjerne paragrafen, men tilhøre den kristne kirken. Det er greit å være prinsipiell, men når de få personene det gjelder faktisk sier at de vil ha det slik, synes jeg vi skal høre på dem, sier Erstad.

Dette synast eg at er det tristaste av alt. Her ser det ut som at Erstad henger med på prinsippet (prinsippet er forresten ein lita greie me kallar menneskerettar, spesifikt artikkel 18, om du lurte), bare for å kaste det ut fordi at det passar dei nærmaste personane greitt. Til orientering så trur eg ikkje at det er heilt slikt menneskerettar verkar, Såvidt eg kjenner til så har du studert/studerer du samanliknande politikk ved UiB, så eg er litt spent på korleis du får dette til å gå opp.

Han anklager Humanistisk Ungdom for å ville «støvsuge det offentlige rom for tro og livssyn».

Her vil eg gå for ein oldie-but-goodie: Citation Needed.

SEMI-PROTECT THE CONSTITUTION

Wikipedian Protester, frå http://xkcd.com/285/. Lisens: Creative Commons Attribution-NonCommercial 2.5 License.

Dette er noko eg følar eg høyrar ofte, i forskjellige variantar. Eg skulle gjerne sett ein argumentasjon for dette, men slik det står no, så står det som ein laus påstand, og ein ganske stygg ein i tillegg.

HU jobbar, i kvart fall slik eg – halvvegs på innsida enn så lenge – opplev det, for at det skal vere plass til alle her. At det skal gå an å meine, vere, det eine eller det andre, og å kunne sleppe og måtte jobbe for aksept for det, eller mot forskjellsbehandling rundt kvar einaste sving. At det skal vere det same om ein er kristen eller humanist, jøde eller muslim, sikh eller bahaii. Er seriøst dette ikkje noko som ligg i Erstad sitt mål om eit livssynsopent samfunn, så må eg spørje kva som ligg der. For viss ikkje lurar eg svært på kva det skulle vore.

– Jeg vil gi ros til organisasjonen for å ta tak i livssynsdebatten, men de begynner dessverre i feil ende.

Så kor skulle me starta? Der me er no, med alle privilegium til Dnk (og andre som kan leve med litt evangelisk-luthersk kristendom), og etter kvart, noko smular igjen til alt anna?

Om eg kunne fått tre svar frå deg, Erstad (og sikkert KrFU au), ville det vore desse tre siste:

  • Kvar har du det frå at HU sitt utsegn «livssynsnøytralt» er så negativt/forskjellig frå dykkar «livssynsopent»?
  • Kva legg dykk i livssynsopent, viss ikkje det som vist over?
  • Og kor skulle me starta om ikkje her?
(Og så er eg jo svært nysgjerrig på kvifor me ikkje skal gje våre monarkar grunnleggjande menneskerettar.)
 
Erstad har svart meg på si blogg, og det kommer nok snart eit svar på det igjen. Inntil vidare er det interessant å sjå at å peike på menneskerettar har blitt redusert til prinsipprytteri…

  • Kjell Steinsholt

    Jeg lurer på.

    Pengene fra Årets
    TV-aksjon skal gå til å skaffe vann i nærområdene til tusenvis av
    mennesker. Naturligvis er dette et uhyre viktig prosjekt. En annen
    ting er at pengene først går til Kirkens Nødhjelp. Jeg ser at KN
    søker etter en høyt kvalifisert vanningeniør, og det er vel og
    bra. Det som ikke er så bra,er at den som ansettes må ha en bestemt
    religiøs tro:The person who is employed has to be loyal to
    Norwegian Church Aid´s Christian values. Hvor mye ville du og
    jeg gitt til en organisasjon som krevde at de ansatte skulle være
    lojale til den muslimske tro?? KN arbeider i en allianse med 130
    andre kristne organisasjoner. Kan vi da være sikre på at ikke noen
    av de midlene som blir samlet inn, går til en eller annen form for
    misjonering? Forøvrig har KN blitt tildelt denne innsamlinga hele 4
    ganger. Det er også litt rart at det rådet som tildeler og
    kontrollerer innsamlingene har to medlemmer fra Kirke-
    organisasjonssektoren som begge er tilknyttet den norske kirke.

    Kjell Steinsholt

    • Kristne verdiar er ikkje heilt det same som kristen tru. Eg kjenner mange og høyrar om fleire som engasjerer seg i fleire slike organisasjonar (som t.d. Kirkens Nødhjelp, Kirkens Bymisjon, o.l.), og i stor grad er med på å legitimere hjelpen heller enn misjonere. Det er elles i stor grad ganske greie retningsliner på slike ting, som er med på å sikre at ting går til det det bør gå til.

      • Kjell Steinsholt

        Men hva er da Kristne verdier??? Nqansen ville vel neppe ha blitt ansatt i kirkensw n ødhjelp?