– Stopp, sa mannen

Bort kjem det ein breiskuldra, framand mann med østeuropeisk aksent. Han seier stopp.

 

Det er fredags kveld, og ein er på veg heim. Kvelden er godt i gong, og det er ikkje langt mellom lyden av rop, klinking av flasker i poser, og ei heller lukta av alkohol.

Er ein heldig, så kjem ikkje lukta frå ein sjølv, men heller den knuste raudvinsflaska på hjørnet, eller av den opna vodkaflaska som gjengen ein nettopp gjekk forbi delte på.

Ein veldig typisk fredagskveld nede i sentrum, altså.

Det yrer litt nedpå, men ikkje verre enn at ein bergensar ville kalla det opphald. Det er litt kjølig, men nordlendingen ville nok enno kalla det sommarver. Det er litt godt brisne folk i gatene, noe trønderen kanskje ville kalla ein tysdag.

I stor grad ein ganske vanleg fredagskveld nede i sentrum, altså.

Det er ikkje langt heim, så ein går. Det gjer ein tid til å ta inn over seg meir av bylivet, og ein legger merke til nokon stakkarar som driv med å skiftar dekk på ein lita varebil, mens bylivet tilpassar seg rundt hendinga. Nokon ler og peikar, andre vil snakke med dei stakkar folka som bare vil få fiksa bilen, for så å komme seg vidare.

Ikkje så uvant ein relativt normal fredagskveld nede i sentrum, altså.

Klokka er ikkje veldig mykje. Det er såpass tidleg at ein kan faktisk få til ting på laurdag, og såpass seint at ein ikkje følar seg alt for keisam for å dra heim.

Rett og slett ein tolleg representativ fredagskveld nede i sentrum, altså.

Ein leggjar merke til ein breiskuldra, framand mann, som går litt brisent nedover gata.

Som ein gjerne gjer, ein typisk fredagskveld nede i sentrum.

Ein leggjar merke til at han ser litt på ein, og gjer som seg hør og bør: Latar som om ein ikkje såg det, ignorere, og gå vidare som normalt.

Det er ein ganske vanleg fredagskveld i sentrum.

Mannen løftar opp handa, og seier – med klar austeuropeisk aksent – «stopp!«.

Er ikkje dette ein relativt normal fredagskveld nede i sentrum?

Hjernen startar med å rase, og ein prøvar forsiktig å fortsette og gå, for å unngå ein konfrontasjon. Samtidig merkar ein at mannen flyttar handa mot lomma si, og ein ender opp med å stoppe opp, som han ville at ein skulle gjere.

Skal dette vere ein tolleg representativ fredagskveld nede i sentrum?!

Alle eins fordommar osar ut. Hjernen jobbar på full gir med å vurdere situasjonen, samtidig som den gjer klart adrenalinet. Ein kjenner kroppen gjere seg klar til å utøve kva no enn hjernen finner ut at er beste reaksjon.

Dette skal reagerast på raskast mogleg…

«Aer do musikar?»

Klar…. ferdig… gå!…VENT!

Kva?

Ein prøvar å forstå. Spurte mannen verkeleg om ein var musikar?

Så då står ein der, adrenalinet fislar litt roleg, ubrukt ut av ein, mens ein prøvar å finne ut av kva som skjer.

Og innan ein veit ordet av det, har mannen dratt fram mobilen.

Han vil ha bilde av ein.

Så då kan vel ein ikkje gjere så mykje anna enn å stå der og smile.

Mannen tar biletet, og visar det entusiastisk fram for ein.

Der er biletet av ein. Ein har visst sett fancy ut.

Mannen er nøgd, og går vidare for å møte vennen som har gått litt i førevegen. Han har fått sitt bilete, av denne litt fancy personen.

 

Det einaste ein såg på biletet av seg sjølv, var eit forvirra uttrykk, som vitna om bortkasta adrenalin, og ubehagelege fordommar som bobla opp i ein litt stressa situasjon. Ein bler flau over eins eiga reaksjon, og veit ikkje heilt kva ein skal gjere av seg.

Så då er det vel eigentleg bare å gå vidare heimover, då.

Og håpe inderlig at ein kan reagere betre neste gong ein er ute ein ganske vanleg fredagskveld nede i sentrum.