Eit kulturelt forsvarleg salmemaraton

I helga sendte NRK 60 timar med salmar på NRK2 og på nett. Er det problematisk at statskanalen NRK sender dette?

Dagen hadde eit oppslag om dette med grunnlag i «kritikk» frå generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Kristin Mile. Du kan lese meir om det her!

Mange i både Human-Etisk Forbund (HEF) og Humanistisk Ungdom (HU) kor eg kjem frå vil nok ganske fort meine at det vil vere det. Salmar er ein kristen greie, og høyrar til i kyrkja. Dermed vil 60 timar med salmesong verke både ubalansert og forkynnande.

Ting er nok ikkje heilt så svart-kvitt som det.

Det er i stor grad bare i dei protestantiske landa (herunder i stor grad inkludert både Storbritannia og USA, som nok ikkje er heilt protestantiske) det har etter kvart kommen eit skilje mellom kultur og religion. Dette er ikkje eit skilje som er lett å sjå, ei heller lett å forstå. Å snakke religion og kultur på tvers av disse landegrensene kan vere utfordrande, og kanskje spesielt når andre tar med sin religion og kultur inn i disse protestantiske landa.

Dette har kanskje vore tydelegast i omskjeringsaka nyleg, kor ein har bl.a. HEF på eine sida mot omskjering av gutebarn fordi dei ikkje ser kvifor det skulle vere nødvendig, og bl.a. Det Mosaiske Trussamfunn (DMT) på andre sida, som opplever dette som essensielt i det å vere jøde – uavhengig av gudstru eller ei.

For hos jødane kanskje meir enn hos andre er det lett å sjå korleis religion flytar over i kultur. Det er ikkje uhøyrd med sekulære jødar – jødar utan gudstru, men framleis jødar. Mange (dei fleste?) av disse vil nok ikkje holde på så mykje av dei religiøse påbuda, men vil halde på den kulturelle arven – og hos mange vil dette her inkludere blant anna omskjering på den åttande dagen.

Og på same måta som nokon religiøse tradisjonar flyt over til kulturelle i jødedommen, skjer det same i den protestantiske kristendommen, uansett kor mykje humanistar tidvis kan ende opp med å nekte for det.

No som det nærmar seg jul er nok dette mest synleg. Jula er nok for dei fleste [Citation Needed] ein ganske sekulær affære. Knappe 10-11% av nordmenn går i kyrkja i samband med jul, og tross større tettheit av kristne program i førjulstida, så er det nok ikkje Jesu fødsel det leggjast mest vekt på i disse tider.meir om det her

Det er dermed ikkje sagt at det ikkje er kristne innslag i førjulstida, og det er det som er poenget mitt her. Adventsljos, salmesongar, Luciafeiring, Betlehemsstjerna i juletreet og meir vitnar om sterke kristne røter, som i stor grad famnast om uavhengig av tru eller tvil. Det er ikkje eksklusivt religiøst, det ligg i det vanskelege kryssingspunktet mellom kultur og religion.

Dermed bler det vanskeleg å sei at å kjøre eit salmemaraton på NRK er direkte galt. Om enn mange vil sjå på det som noko eksklusivt religiøst, så er det nok ikkje det. Folk flest vil nok ikkje ha problem med å synge ein salme eller to, utan å tenkje på det som ein religiøs handling.

Det har dermed ein ganske mykje breiare appell enn reint kristent.

Og med ei så brei appell og utan eit forkynnande bodskap, burde det absolutt vere forsvarlig å sende slik på NRK.

Det kan til og med meldast at salmemaratonen har blitt vist i diverse humanisttilstellingar, og sikkert vore på i meir enn eit humanistheim.

Eg vil minne om mine refleksjonar rundt Dagen sitt oppslag her!