Sensasjonalistisk tull frå Dagen

I helga har NRK hatt salmemaraton (det kan sjåast her), med 60 timars direktesendt salmesong, i tråd med andre tidlegare forsøk på sakte-TV. I den samanheng kjem jo spørsmålet opp: Kva meiner Human-Etisk Forbund (HEF) om dette? Sjølvsagt blei generalsekretær Kristin Mile spurt om dette når ho måndag gjesta Radio Norge måndag.

Nysgjerrig på tankar om salmemaratonen i seg sjølv? Eg har skrevet om det i eit eiga innlegg her!

Utan å ha høyrd heile innslaget (Dagen valte merkeleg nok bare å leggje opp delar av deira opptak. Dagen har informert meg om at det var dei klippa dei fekk av Radio Norge, altså ikkje deira feil. Beklagar det, Dagen.), kan eg ikkje kommentere på alt som blei sagt av ho, men her er det som blei lagt ut av Dagen:

– Jeg syns jo kanskje det er et pussig valg av NRK. Jeg har ikke noe behov for å høre salmer, jeg vil heller se sportssendinger og andre ting. Det burde kanskje være først og fremst kirken som ivaretok den kulturarven: jeg tror ikke de trenger NRK sin hjelp til det, og jeg er ikke så sikker på om det er det NRK burde sende.

Dagen slår ikkje uventa dette stort opp, kallar det dårleg stil, og meiner at HEF er “rimelig kjipe”.

(Nokon burde kanskje etter kvart gi Dagen eit hurtigkurs i å lage delevennlege lenkjer, for det er særdeles lite smart med «» i adressa.)

Men la oss no ta for oss dette stykkevis. Kva var det Mile sa?

– Jeg synes jo kanskje det er et pussig valg av NRK.

Ikkje noko særleg kritikk her, bare at ho stussar litt på valet.

– Jeg har ikke noe behov for å høre salmer, jeg vil heller se sportssendinger og andre ting.

Heller lite kontroversielt. Ho er her au ganske klar på “eg”-formen. No er ho sjølvsagt generalsekretær i HEF, så dette vil til ein viss grad stå for HEF au, men det er her i stor grad bare personlege betraktningar her.

– Det burde kanskje være først og fremst kirken som ivaretok den kulturarven: jeg tror ikke de trenger NRK sin hjelp til det, og jeg er ikke så sikker på om det er det NRK burde sende.

Dette er kanskje det mest kontroversielle her. Ho seier at kanskje kyrkja burde vere den som (først og fremst) ivaretok den kulturarven (salmane). Ho seier derimot ikkje at NRK ikkje burde ivareta kulturarven. Ho er au ganske moderat (“ikke så sikker på”) om ho meinar at NRK burde latt vere å sende det.

Til dette svarar sjef-redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk:

– Nei, først og fremst tenker jeg at de må være rimelig kjipe i Human-Etisk Forbund, og dette er ein typisk surmuling som vi er vant til fra det holdet. Hundretusenvis av nordmenn har fulgt dette her, og jeg synes det er veldig dårlig stil av Human-Etisk Forbund å gå ut og kritisere dette.

Igjen, la oss stykke det opp:

– Nei, først og fremst tenker jeg at de må være rimelig kjipe i Human-Etisk Forbund, og dette er ein typisk surmuling som vi er vant til fra det holdet.

HEF er her kjipe fordi… Dei ikkje har noko behov for å høre på salmar? Fordi dei synast at det var eit pussig val av NRK? Eller fordi dei meinar at dette kanskje kan høyre litt betre heime hos kyrkja enn hos NRK? Og HEF surmular fordi dei ikkje er sikre på om dette er noko NRK burde sende? (Eg ser for meg at dette kanskje kunne vore mykje meir balansert viss dei hadde fått heile innslaget frå Radio Norge, i staden for bare to klipp. Enn så lenge kan eg ikkje anna enn å gå på det eg har her.)

– Hundretusenvis av nordmenn har fulgt dette her, og jeg synes det er veldig dårlig stil av Human-Etisk Forbund å gå ut og kritisere dette.

Igjen er Selbekk lite konkret. Fordi at så mange har sett det, så er det veldig dårlig stil av HEF å kritisere det? Eg skjønner ikkje heilt kva Selbekk vil med dette. Elles er det interessant korleis Selbekk meiner at HEF har gått ut og kritisert det, når det (såvidt eg veit) bare er slik at Mile svarte på eit konkret spørsmål, ikkje noko meir. Å kalle det dårleg stil kan vel ikkje kallast anna enn ein veldig dårlig stil?

I det store og heile, så ser det ut som Dagen (igjen) blåsar HEF opp som den store stygge, utan å ha noko særleg belegg for påstandane. Det er ikkje slik at eg hadde store forventingar til Dagen (diverre), men eg hadde no håpa at dei hadde hatt litt journalistisk integritet i det heile.

Men nok om Dagen. Dagen er ikkje så interessant. La oss heller snakke om Salmeboka – Minutt for minutt