Eit par kjappe, frekke tal om gudstru og Dnk

Folk trur ikkje så mykje på Gud lengre, seier undersøking. Ikkje så overraskande lengre, men det kan vere litt gøy å sjå litt på kva tala her kan tyde på!

38% trur på Gud i Noreg. 38% trur ikkje på Gud. Resten veit liksom ikkje heilt – eller bryr seg fankern i om denne guden er verkeleg eller ei; for kva har det å sei for dei?

No er det no slik at religion er så utruleg mykje meir komplisert og innvikla enn bare den protestantiske tanken om at det er – bokstaveleg talt – tanken som teller. Du har kryssingspunkt mellom religion og kultur, og, tydelegvis, lystenning, som er ein veeeldig kristen ting.

Det er ikkje det eg skal sei noko kjapt om no – det er bare noko som er viktig å peike på: Uavhengig av tru på Gud eller ei, så er det mogleg å kunne definere seg som kristen – på same måte som jødar lenge har kalla seg sekulære, fylgjer etter kvart kristne, muslimar og andre etter i denne tradisjonen. Nokon som kulturkristne – andre som «innvandrar med bakgrunn frå land med islam som majoritetsreligion».

Poenget her er i stor grad dei 38%. Ikkje dei andre – me kan snakke om ikkje-tru seinare. Dei første. Dei med  tru på Gud med stor G.

38% trur på Gud. I Noreg er 75% medlem av Den norske kyrkje. 38% er så vidt halvparten av det. Så bare halve kyrkja trur? Det kan nok vere verre enn som så.

Utanom Dnk, så er ca. 10% ikkje medlem av noko trus- eller livssynssamfunn, ca. 10 % medlem av noko frikyrkjeleg, og resten litt sånn diverse anna (rundt 2% katolikkar (*HRMMMM*), 2% muslimar, og enno litt mindre humanistar).

I stor grad (med visse unntak) så er alle disse medlemmane meir eller mindre bevisst meldt inn i disse andre tinga. Det treng ikkje vere tilfellet i Dnk (Eller Dkk, for den saks skuld, men det er eit sidespor). Dermed er det ikkje urimelig (om enn ein tanke utan konkret data bak) å tenkje at blant dei 38% som trur på Gud, så er rundt 10 – 14 % medlem av noko anna enn Dnk.

Som gjer at Dnk sitter igjen med kanskje så lite som 25% av Noreg si truande befolkning – ein knapp tredjedel av deira eiga totale medlemsmasse.

Det var vel ikkje så veldig imponerande?

Dette innlegget ble skrevet i Religion og merket , , , , av .

Om Dan-Raoul

Redaktør for Tankeferd. Tidligare leiar av Humanistisk Ungdom, valkomitémedlem i Human-Etisk Forbund, styremedlem i UngDialog, 2. nestleiar i Foreininga Skepsis, og student, på Religion og samfunn på Teologisk Fakultet, UiO. Innadvendt, panfil, pasifist (ligger i blodet, klarar bokstaveleg talt ikkje drepe kvite blodceller), samt nerd på dei fleste måtar. Veldig interessert i politikk, skepsis, livssyn, religion, teknologi, foto og er ganske internettavhengig. Kan nåast på dan-raoul (rullekake) tanketank.org