Litt avklaring om homofili, biologi, og natur

Daniel Joachim Kleiven klarte å provosere meg med eit par kommentarar rundt at biskop Ingeborg Midttømme nektar å ordinere ei lesbisk prest som har fått tilbod frå Bisperådet om prestestilling. Han viste til eit innlegg han har skrevet om temaet tidlegare for å klargjere sitt standpunkt – og eg er ikkje heilt einig.

For å starte ein plass: når det gjeld kjensleladde appellar og retoriske triks, så skal eg definitivt vere først i rekka med å sei at eg diverre nok startar der. Dette er eit av dei emna kor eg er i stor grad dritlei å diskutere, gjenta meg sjølv, og krangle – eg har gjort dette eit par gonger før, og har tidvis gitt opp ein del folk eg møter, då dei ikkje tar til seg det eg seier.

Dermed bler det retorikk, pathos, og slag under beltestedet. Eg beklagar – dette bler eit forsøk på å gjere opp for det.

For å ha det sagt: det er svært kjekt at Kleiven prøvar å ta skikkeleg tak i dette temaet. Det er det diverre fleire som ikkje vil/gidder/tør gjere, så det skal han ha. Derimot ville eg gjerne at han faktisk hadde lest seg litt meir opp på homofili, då det ikkje er så vanskeleg å finne det meste av informasjon som eg prøvar å samle opp her.

Det er forståeleg at ein i betente sakar ikkje veit, orkar eller får hjelp til å vite kor ein skal starte med å lese seg opp på ein sak. I tillegg er gjerne dei ein får hjelp av folk som har mykje investert i saka – med ein svært klar slagside. Informasjon ein får frå dei er gjerne så farga at det ikkje lengre er påliteleg.

Så eit par (heilt sikkert farga) fakta frå meg, som ein utfylling på kva Kleiven la fram i innlegget sitt:

Homofili er – såvidt me kan sjå – definitivt ikkje avgrensa til menneske, og har sine positive funksjonar for evolusjon. Ta t.d. homofile flamingoer, som nyttar det at to mannlege flamingoar kan holde eit mykje større revir enn eit heterofilt par, og som samarbeider eller driv med (relativt simple formar for) surrogati med kvinnelege flamingoar for å få ungar.

Naturhistorisk museum ved UiO hadde faktisk ein ganske god og informativ utstilling om homoseksualitet i naturen i 2006-2007 som peiker vidare på ein del relevant dokumentasjon på dette.

(Det ser ut til at dette er ein relativt grei innføring, som du får lest ein del av på Google Books: Homosexual Behaviour in Animals (Red. Volker Sommer & Paul L. Vasey), Cambridge University Press, 2006,  om ikkje Wikipedia er OK: http://en.wikipedia.org/wiki/Homosexual_behavior_in_animals)

Vidare er det ein veldig forenkla framstilling av biologi og evolusjon det ser ut til at Kleiven leggjar frem. Det er ikkje slik at me (som i dyr og andre vesen generelt) bare “utfyller” vår natur ved å reprodusere oss sjølv direkte – for dyr har eit breiare perspektiv enn som så.

Så vidt eg har lest meg opp (og forstått etter ein del samtalar med biologar og biologstudentar eg kjenner), så er det vel så viktig at familien overlever, heller enn individet. Eit par kraftige homofile onklar som passar på barna kan vere vel så mykje verdt i lengda som reproduserande foreldre.

Og som dømet med flamingoar visar, så kan det vere fleire faktorar som gjer det fordelaktig med homofili i naturen.

Det er au verdt å merke seg at uavgrensa reproduksjon kan vere farlig for bestanden – og at ein del av bestanden ikkje reproduserer kan vere ein god måte å sikre overleving på.

I tillegg er menneske i ein relativt spesiell situasjon i naturen. Per no treng me stort sett ikkje at alle reproduserer seg. Det ville faktisk vere betre for mange om me ikkje gjorde det. Det er nok av barn som treng adoptivforeldre, og menneske har nådd eit nivå i utviklinga kor det burde vere lov å ikkje ynskje barn i det heile tatt – ein skal ikkje lengre tenkje at ein må bidra med barn for å sikre overleving av bestanden.

Derav vil Kleiven sitt forsøk på å sekulært peike på problematiske sider med homofili i stor grad falle på steingrunn. Det er ikkje nødvendig lengre moralsk sett å prøve å reprodusere – og det har heller ikkje vore det tidlegare.

Fornekte kven ein er

Eg har au ein kalkun å plukke med dette argumentet her – som i stor grad er eit av argumenta eg har størst problem med.

Sjølvsagt er me mykje meir enn vår legning. På det meste er det eit fragment av ein svært mangefasettert identitet. Og eg har forståing for at det gjerne vil sjå anleis ut i eit kristen verdsbilete.

Samtidig så er det ein av dei viktigaste fragmenta.

Maslow si behovspyramide

«MaslowsHierarchyOfNeeds» by FireflySixtySevenOwn work using Inkscape, based on Maslow’s paper, A Theory of Human Motivation.. Licensed under CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons.

Om enn dei fleste av oss plukkar relativt høg frukt frå Maslow si behovspyramide, så gjer det ikkje at me ikkje kjenner på behova frå dei nedste.

Reint seksuelle behov er faktisk blant dei mest grunnleggjande behova, og er ikkje å kimse av. Og med tanke på vekta som leggjast på kjærleik og det å høyre til i dagens samfunn (og i kyrkja – uavhengig av korleis det bler teologisk tolka, så er det ikkje lengre bare snakk om αγάπη – agape), så vil nok dei sosiale behova komme vel så langt fram.

Å dermed leggje eit skilje mellom legning og praksis (som var det som provoserte fram reaksjon frå meg), bler for meg direkte inhumant. Ein vil med det sette ein lang tradisjon av undertrykking av kjensler, framfor realitetar og menneske i dag.

Det er ikkje dermed sagt at det er feil gjort av biskop å gjere som ho gjer, ei heller av Kyrkjemøtet å vedta at dei ikkje skal vedta noko – dette er reine, indrekyrkjelege funksjonar kyrkja i stor grad skal ha lov til å ha for seg sjølv.

Eg som ikkje-kristen finner det bare interessant kor mange som setter seg så veldig på bakbeina på ting som kunne teologisk gitt betre meining for to tusen år sida – med mindre forståing av korleis verda verkar – enn realitetar og menneske i dag.

Er det verkeleg så ille om ein person med/utan inn- og/eller utovertiss bler forelska i ein anna person med/utan inn- og/eller utovertiss.

 

 

(Eit sidespor til slutt: Det er svært interessant å sjå korleis kyrkja nok ein gong dreg i fleire retningar, med (tilnærma) ingen som splittar ut pga. forskjellig forståing av teologi. Eg jobbar med eit innlegg om kvifor dette gjer meining og litt meir rundt dette, men gløymer det av regelmessig – mas veldig gjerne om det, så kanskje eg får det gjort!)