Forfatterarkiv: Dea-Renate

Om Dea-Renate

Redaktør for Tankeferd. Tidlegare leiar av Humanistisk Ungdom. Veldig interessert i politikk, skepsis, livssyn, religion, teknologi, foto - og er ganske internettavhengig. Kan nåast på tankeferd (rullekake) tanketank.org

Demokrati?

Avstemming på Human-Etisk Forbund sitt landsmøte 2013. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Avstemming på Human-Etisk Forbund sitt landsmøte 2013. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Så var det dette demokrati då – kva har liksom det med humanismen å gjere?

Då humanismen starta ut i det som nok er nærmast dagens form som livssyn, var det i ettertid av nazismen (og, til ein viss grad, kommunismen, om enn den ikkje var (er?) heilt ferdig) sine herjingar verda over. Les videre

Eit par korte innlegg

Tankeferd liggjer litt i brak for tida, diverre. Men me skriv no litt enno, og det er eit par kortare innlegg som det kan vere verdt å sjekke ut til me kjem tilbake:

Først svarar Lars-Petter Helgestad  på Olav Egil Aune, kulturredaktør, Vårt Land, sitt innlegg om «humanetiske moralister». Dette gjer han i kraft av sin nye jobb, så gratulerer med det!

Så har eg skribla ned nokon tankar om Torkel Brekke, som kjem med ein del… Interessante kommentarar om humanistar og Human-Etisk Forbund. HEF har svart sjølv, og eg vil anbefale alle å lese begge disse to i kvart fall. Mine tankar liggar på Verdidebatt, der eg prøvar å forstå kva møte Brekke var på – for det var ikkje det same som meg.

Elles er det verdt å nemne at Human-Etisk Forbund har levert høringssvar på «Det livssynsåpne samfunn», som nok kan vere interessant å lese. Kanskje får me til nokon tankar om det her etter kvart au.

2012 kreft?

I 2012 har det skjedd mykje. Det gjer det vel kvart år. Men dette var året eg starta jobb i Human-Etisk Forbund.

Filadelfiakromosomet som sett i FISH-metafase.  Kjelde: http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Bcrablmet.jpg

Filadelfiakromosomet som sett i FISH-metafase. Kjelde.

Dette var året med min første relativt normale vaksenjobb.

Dette er ein relativt lang post i hovudsak om sjukdommen min, men au ein slags oppsummering av året som har gått. Eg ville gjerne hatt begge, men det ville vore ein så stor overlapp uansett, at eg slo dei saman. Eg beklagar på førehand kor lang den er, men eg var au litt interessert i å få fram litt korleis eg fekk diagnose og sånn – i hovudsak av latskap til seinare. 

 

Les videre

Humanismekritikk og ein hyllest til Hedningsamfunnet

Eg kom over ein ganske interessant kommentar i går, der nestleiar i European Humanist Federation (EHF), Staffan Gunnarson, klargjer litt rundt kritikken av Humanisterna, Human-Etisk Forbund si svenske systerorganisasjon. Gunnarson går her ganske langt i å nærmast kalle religiøse for mentalt handikappa.

Humanisterna har vore kritisert ein stund for sin ganske ekstreme tilnærming til religion, som bl.a. har ført til kritikk frå eigne, då kanskje spesielt frå deira eiga ungdomsorganisasjon, Unga Humanister.
Les videre