Kategoriarkiv: Menneskeskapt

Menneskeskapt er en serie på Tankeferd, der det deles personlige historier, enten om vei til humanisme, interesse eller annet relatert.

«Han.»

Eg ville bare at banken min skulle verke. At eg skulle kunne sjekke saldo på kort og kredittkort, og at namn og signatur skulle stemme med nytt namn.

Det eg får er dette. Ikkje mykje, men etter enno ein lang dag med feilkjønning – nok:

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Eg trudde ikkje dette skulle vere meg. Eg skulle ikkje bry meg så særleg om sånt, og eg er fullt klar over at om enn eg presenterar (kler/styler) meir feminint, betyr ikkje det at eg lesast slik enno.

Men seriøst:

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Eg skjønnar at det tar tid. Det er lett å gløyme, og det er fort gjort. Namneendringa har gått greitt, men dette med pronomen tar litt lengre tid.

Og det er jo det eg seiar au – «null stress», «skjønnar det», «det tar litt tid», «eg forventar jo ikkje at det skal skje over natta!».

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Og ein og anna feil gjer meg lite – eg ser korleis det kan skje. Problemet er at kvar og ein av desse enkeltfeila hopar seg opp.

Og plutseleg er det ein som bler for mykje.

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Heldigvis er det mogleg å distrahere seg, roe seg ned, og komme seg på andre tankar. Til dømes med ein serie, film, bok, internett, spel.

Diverre så har det meste av dette au nok transfobi i seg, at den tilfeldige Scrubs-episoden eg endar opp med har denne fine spøken med.

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Eg har vore heldig, i det at min dysfori tidlegare ikkje har slått så hardt inn. Den har i stor grad haldt seg til ein stille, irriterande stemme bak i hovudet. 

Denne dagen endar med eit panikkanfall for meg. Dysfori, misantropi og sjølvhat på topp, men heldigvis «bare» panikkanfall. Fordi nokon sa «han».

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Makt i ord?

«Han har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

Eg har det greitt. Eg har vennar, familie, og arbeidsgivar som har støtta meg heile vegen (om enn det kjem bursdagshelsingar med feil namn). Eg lev i eit samfunn der eg etter fire månadar med å presentere feminint på fulltid – utan å lesast feminint – ikkje har fått ein negativ tilbakemelding. Og vennegjengen hadde allereie før eg skjønte eg var trans hika etter kjønnsanarki.

 

Andre er ikkje så heldige:

Omtrent halvparten av trans-elevar i Storbritannia har prøvd å ta sjølvmord.

I USA kan det tidvis vere risikosport bare å gå på do.

17 transpersonar rapportert drepen så langt i år.

(Det er au litt meir bisarre sakar – som at Singapore nyleg annullerte eit ekteskap mellom ein transkvinne og kona, fordi likekjønna ekteskap ikkje er anerkjent der.)

 

Og dette er bare toppen av isfjellet.

 

Eg vil sei eg normalt tolar mykje. Eit «han» har no klart å gi meg eit panikkanfall. Er eg då svak, for å ynskje at folk skal kunne respektere og bruke det pronomen som ikkje gjer meg det?

Og kva med dei som ikkje bare får eit panikkanfall? Dei som tenkjar, prøvar, og klarar å ta sitt eiga liv?

Kan det vere verdt den litle ekstra innsatsen?

«Hun har nyleg byttet personnummer frå mann til kvinne.»

– Stopp, sa mannen

Bort kjem det ein breiskuldra, framand mann med østeuropeisk aksent. Han seier stopp.

 

Det er fredags kveld, og ein er på veg heim. Kvelden er godt i gong, og det er ikkje langt mellom lyden av rop, klinking av flasker i poser, og ei heller lukta av alkohol.

Er ein heldig, så kjem ikkje lukta frå ein sjølv, men heller den knuste raudvinsflaska på hjørnet, eller av den opna vodkaflaska som gjengen ein nettopp gjekk forbi delte på.

Ein veldig typisk fredagskveld nede i sentrum, altså. Les videre

Klageveldet NAV

Så då var NAV i hardt vêr. Igjen. Knapt noko nytt, om enn med ein godt skreven, tung historie.

Eg hadde eigentleg tenkt å prøve å halde meg unna dette igjen. Det meste eg har skrevet i det siste har vore veldig prega av kreft, NAV, og frustrasjon, og eg likar ikkje heilt den sida av meg: Det er ein side eg vil komme over, bli ferdig med, for så å starte på alvor med liv, studiar og slik igjen.

Men det er ein stor side av meg enn så lenge, og det er vanskeleg å komme heilt unna det. Kreft, NAV, AAP er enno meg.

Les videre