Stikkordarkiv: kulturkristne

Sensasjonalistisk tull frå Dagen

I helga har NRK hatt salmemaraton (det kan sjåast her), med 60 timars direktesendt salmesong, i tråd med andre tidlegare forsøk på sakte-TV. I den samanheng kjem jo spørsmålet opp: Kva meiner Human-Etisk Forbund (HEF) om dette? Sjølvsagt blei generalsekretær Kristin Mile spurt om dette når ho måndag gjesta Radio Norge måndag.

Nysgjerrig på tankar om salmemaratonen i seg sjølv? Eg har skrevet om det i eit eiga innlegg her!

Utan å ha høyrd heile innslaget (Dagen valte merkeleg nok bare å leggje opp delar av deira opptak. Dagen har informert meg om at det var dei klippa dei fekk av Radio Norge, altså ikkje deira feil. Beklagar det, Dagen.), kan eg ikkje kommentere på alt som blei sagt av ho, men her er det som blei lagt ut av Dagen:

– Jeg syns jo kanskje det er et pussig valg av NRK. Jeg har ikke noe behov for å høre salmer, jeg vil heller se sportssendinger og andre ting. Det burde kanskje være først og fremst kirken som ivaretok den kulturarven: jeg tror ikke de trenger NRK sin hjelp til det, og jeg er ikke så sikker på om det er det NRK burde sende.

Dagen slår ikkje uventa dette stort opp, kallar det dårleg stil, og meiner at HEF er “rimelig kjipe”.

Les videre

Lucia – en truet rotnorsk tradisjon

I dag tidlig var jeg med på min første Lucia-markering som pappa til en liten barnehagegutt. Det skremmer ikke humanisten i meg.

Klassisk Lucia-markering i en barnehage (illustasjonsfoto: Flushboy/Flickr CC BY-SA)

Klassisk Lucia-markering i en barnehage (illustasjonsfoto: Flushboy/Flickr CC BY-SA)

Likevel satte jeg stor pris på denne herlige og ironiske (men korrekte, etter det jeg kan bedømme) kommentaren fra den respekterte journalisten, kommentatoren og presse-tungvekteren, Sven Egil Omdal (Stavanger Aftenblad):

”Luciafeiring: Svensk tradisjon oppfunnet av fornøyelsesparken Skansen i 1893 for å feire en siciliansk kvinne fra 200-tallet. Dagens hovedinnslag er avsynging av en napolitansk folkevise og utdeling av et tysk bakverk fra 1600-tallet. Skikken ble innført til norske skoler og barnehager en gang på 1970-tallet, og er fra 2013 et truet innslag i norsk kultur.”
(Fra Facebook, 11.12.13)

Så kort som et menneskeliv varer, har vi visst lett for å miste oversikt over de lange linjene i hvordan kultur og skikker utvikler og endrer seg.

Om å mislike dykk kristne

Det Hva har du i mot oss kristne?verkar ofte som om det bare er eit tidsspørsmål før ein får det spørsmålet når ein snakkar om religion, livssyn og sånt, som ateist, humanist. Men hatar eg kristne? Kristendom? Religion?

Bilete er ein samtale som vart innleia utan førebuing sist veke. Ei eg møtte for ei stund sida, og har hatt i vennelista sida, var lei av det ho oppfatta som «hat» mot kristne, kristendom og religion generelt frå meg.

Dette er ikkje første gong eg får dette mot meg, men eg har alltid stussa ved det, fordi at eg ikkje oppfattar meg sjølv som ein som mislikar kristne, kristendom og religion. Det er mykje rundt det eg ikkje forstår, og stiller spørsmål ved, men det er ikkje det same som å mislike det. Les videre

Eg er visst kristen.

Me strømte til kyrkja etter 22. juli og utførte «kyrkjelege handlingar. Eller korleis var det no igjen?

Vårt Land skriv om ein interessant undersøking frå KIFO (Stiftelsen Kirkeforskning) og TNS Gallup. Undersøkinga går på nordmenns deltaking i minnemarkeringar etter 22. juli. Artikkelen (og undersøkinga) tar for seg mykje, men eg vil bare ta for meg ein lita del: Kyrkjelege markeringar. Les videre