Stikkordarkiv: religions- og livssynsdialog

Om å mislike dykk kristne

Det Hva har du i mot oss kristne?verkar ofte som om det bare er eit tidsspørsmål før ein får det spørsmålet når ein snakkar om religion, livssyn og sånt, som ateist, humanist. Men hatar eg kristne? Kristendom? Religion?

Bilete er ein samtale som vart innleia utan førebuing sist veke. Ei eg møtte for ei stund sida, og har hatt i vennelista sida, var lei av det ho oppfatta som «hat» mot kristne, kristendom og religion generelt frå meg.

Dette er ikkje første gong eg får dette mot meg, men eg har alltid stussa ved det, fordi at eg ikkje oppfattar meg sjølv som ein som mislikar kristne, kristendom og religion. Det er mykje rundt det eg ikkje forstår, og stiller spørsmål ved, men det er ikkje det same som å mislike det. Les videre