Fatima har fått eit brev om grava til mannen i posten. Det er snakk om ei festeavgift på grava, men denne har ho betalt, og ho kan ikkje sjå kvifor ho har fått dette brevet. Fatima er ikkje så glad i å snakke i telefonen med offentlege etatar, då det gjer kommunikasjonen vanskelegare, så ho går på kontoret til dei som forvaltar gravplassen. Det er kyrkjeverja, og i kommunen der Fatima bur har kyrkjeverja kontor i ei arbeidskyrkje. Fatima, som er muslim, må altså inn i ei kyrkje for å snakke med ein person som har som hovudoppgåve å administrere kyrkja sitt arbeid, for å snakke om grava der mannen hennar ligg gravlagt, sjølv om han er gravlagt etter muslimske skikkar og på eit muslimsk område på gravplassen.
Då Kjell og Laila høyrde kva presten i kyrkjelyden sa om kva som skjedde etter døden, fann dei ut at dei ikkje kunne stå som medlemmar i eit kyrkjesamfunn som hevda dette. Dei ville ikkje skape noko bråk, og meldte seg derfor ut av Den norske kyrke utan noko oppstyr. Eit par veker seinare ringer det på døra deira midt på natta. Utanfor står presten som sa det om døden dei reagerte slik på. Presten kan fortelje at sonen deira er død i ei bilulukke.