Tankeferd liggjer litt i brak for tida, diverre. Men me skriv no litt enno, og det er eit par kortare innlegg som det kan vere verdt å sjekke ut til me kjem tilbake:
Først svarar Lars-Petter Helgestad på Olav Egil Aune, kulturredaktør, Vårt Land, sitt innlegg om «humanetiske moralister». Dette gjer han i kraft av sin nye jobb, så gratulerer med det!
Så har eg skribla ned nokon tankar om Torkel Brekke, som kjem med ein del… Interessante kommentarar om humanistar og Human-Etisk Forbund. HEF har svart sjølv, og eg vil anbefale alle å lese begge disse to i kvart fall. Mine tankar liggar på Verdidebatt, der eg prøvar å forstå kva møte Brekke var på – for det var ikkje det same som meg.
Elles er det verdt å nemne at Human-Etisk Forbund har levert høringssvar på «Det livssynsåpne samfunn», som nok kan vere interessant å lese. Kanskje får me til nokon tankar om det her etter kvart au.